9FF95B64 A90D 454D AE0B FF4776743B40
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Vil finne vikingen i Vangsgjeldingen

Vil finne vikingen i Vangsgjeldingen

13. april 2022
Jon Oddvar Heimlid og Ragnhild Lund ynskjer å dele sin kunnskap og fascinasjon for sterke vikingkvinner i Valdres. No ber dei inn til foredraget Vikingarv og håpar å finne vikingen i sjølvaste Vangsgjeldingen!

- Med dette foredraget vil med jo vekke interesse og nysgjerrighet i folk. Kor kjem me ifrå? Kven var desse folka som levde før oss? Og kva slags betydning har dei for det livet me lev no? seier Ragnhild Lund. 

Dei fleste som har møtt både Jon Oddvar og Ragnhild vil nok sei at dei kanskje ikkje er like som to dråper vann, snarere tvert imot. Desto artigare at deira felles interesse har ført dei saman, og at dei no ynskjer å dele spennande historier og informasjon frå vikingtida i blant anna Valdres. 

- Me fokuserer spesielt på sterke vikingkvinner som har hatt stor betydning for verdenshistorien. Mange av dei me presenterer på foredraget har tilknytning til Vang og Valdres, seier Jon Oddvar Heimlid. 

Det er Valdresspelet i samarbeid med Nord-Aurdal frivilligsentral, ValdresPodden, Ragnhild Lund og Jon Oddvar Heimlid som presenterer dette uformelle tilbakeblikket på vår Vikingarv.

Historisk foredrag om sterke kvinner 

Det er dei sterke og bestemte kvinnene som står i fokus når Ragnhild og Oddvar skal guide publikum gjennom foredraget, Vikingarv. Her skal dei prate om blant anna kvar valdresane opprinneleg kom ifrå, kven som eigentleg var hovudforsørgar i steinalderfamilien og kven som var den mest vidfarande kvinne i vikingtida. 

- Navn som Frøydis Eiriksdotter, Aud den djuptenkte, Madam Anker og sjølvsagt Gyda på Kvien blir fortalt om. Dette var alle sterke kvinner i sin tid, og har hatt stor betydning for korleis verdenshistoria har utvikla seg, seier Heimlid. 

- Det er jo utruleg spennande å sjå korleis desse damene har hatt så mykje å sei for ettertida. Jo meir me graver og djupdykker, jo meir spennande finn me, og jo meir fell puslespelbrikkane på plass. For det er det dette er, eit stort puslespel som me båe forsøker å legge, smiler Lund. 

Saman med Heimlid og Lund kjem også ulike gjesteforedragsholdere, og heile foredraget skal tas opp slik at du til slutt kan finne det på Valdrespodden. Etter endt foredrag blir det smaksprøver på både lam og øl på ekte vikingvis!

- Me gler oss til ein spennande aften og håpar å vekke nysgjerrigheten rundt vår fortid, seier Lund engasjert. 

Det blir satt opp to foredrag, eitt i Vang og eitt på Fagernes; 

19.00 - 29 April 2022, Høre Samfunshus, Vang i Valdres
13:00 - 30 April 2022 Vikatunet, Fagernes, Nord Aurdal

Du finn også Facebook-arrangementet til Vikingarv her.