maritograndi.jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Vil inspirere til gjenbruk

Vil inspirere til gjenbruk

26. februar 2018

 Onsdag 7. mars kl. 19:00 vert det reparasjonsverkstad av turklede med systrene Marit og Randi Ødegården på Vang Folkebibliotek.

 Kvelden vert den fyrste i den nye satsinga «Vinjerock heile året», og er ei samhandling mellom Vang Frivilligsentral, Vang Folkebibliotek, Vang Husflidslag og Vinjerock.

Systrene Ødegården, begge frå Vang, er ihuga turmenneske og handarbeidsentusiastar. Til dømes har Randi gått både Norge og Svalbard på langs, iført sjølvsydd goretex-bukse. Begge strikkar, redesignar, og er oppteke av kvalitet, naturstoff – og å reparere framføre å kaste. Saman med sy-assistanse frå Vang Husflidslag kan deltakarane med andre ord vente seg gode tips til reparasjon av turkleda sine denne kvelden.

I forbindelse med verkstaden, har festivalen kjøpt inn symaskin med tilbehør som vil vere tilgjengeleg for bruk i biblioteket, også etter kurset.

Fokus på miljø

Under Vinjerock 2017 fekk festivaldeltakarane tilbod om reparasjon av turklede- og utstyr for fyrste gong. Prosjektet, ei samhandling mellom DNT og Bergans, resulterte i omlag 300 små og store reparasjonar under festivalen. Inspirert av suksessen byr Vinjerock no inn til verkstad på Vang Folkebibliotek.

- Me ynskjer å fokusere på å reparere framføre å kjøpe nytt, seier festivalsjef Julie Forchhammer, og legg til at dei vonar mange valdriser vil rote fram gløymde skatter i turgarderoba og kome på verkstaden 7. mars.

Verkstaden er gratis for alle, og meir om hendinga finn de på sosiale medier.

Kurs og aktivitetar til glede for lokalbefolkningen

«Vinjerock heile året” er ei rekkje med kurs-og aktivitetar til glede for innbyggjarar i Vang og Valdres.

Kursa tek utgangspunkt i lågterskel turglede og høg trivselsfaktor med naturen i Vang som leikegrind.

Lokale instruktørar er med på laget når Vinjerock bringer festivalprogrammet ut i dei fire årstidene.

Prosjektet er støtta av Sparebankstiftelsen DNB