Sola leikar seg med naturen i Vang. Foto: Rune Hammerstad
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv – Vil jobbe meir i Vang

– Vil jobbe meir i Vang

04. september 2019

Fotograf og fotokunstnar Rune Hammerstad søkjer seg helst mot Vang når han skal ut av byen og inn i naturen med kameraet.

- Eg elskar å vera i Vang og det har vorte mykje fotografering her dei siste åra. Eg skulle gjerne vore endå meir i Vang og fleire oppdrag i heimbygda er ein god måte få til det det på, fortel Hammerstad.

Han har markert seg som ein allsidig og særs kompetent fotograf med base i Oslo og kundar over heile landet sidan har vart faglært fotograf for nokre år sidan.

No oppmodar han interesserte kundar lokalt om å ta ein titt på nettsida - der naturbilda fyrst og fremst er frå Vang. Og så ikkje nøle med å ta kontakt.

– Arkivet vert stadig utvida, men det eg tykkjer er aller artigast er å få ei konkret bestilling på kva ei bedrift eller ein privatperson verkeleg ynskjer seg - og så levere på dette, fortel Hammerstad. 

Den utflytta vangsgjeldingen er heime så ofte det let seg gjera og han har mellom anna logga kontordagar på Kontorfellesskapet 1724 i Vang sentrum for å gjera unna arbeid denne sommaren. 

– Det er eit stilig kontorlokale som gjev arbeidsro og er akkurat passe sosialt, fortel Hammerstad.