23.08.16 Tyinfilefjellextreme Header Liten 03
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Vil skape braksuksess med nytt arrangement

Vil skape braksuksess med nytt arrangement

08. september 2023
Tyin-Filefjell kjem no med nok eit nytt og spennande initiativ på bordet - eigen Fjellfestival med særdeles innhaldsrikt program!

- Me håpar jo på braksuksess, det må me seie, smiler Odd Tore Moen, arrangements-og aktivitetsmedarbeidar i Tyin-Filefjell. 

Og det med god grunn! For 7. oktober arrangerer nemleg Tyin-Filefjell sin heilt eigne Fjellfestival for aller fyrste gong. Eit spennande program er lansert, og med aktivitetar for heile familien håpar dei ansatte å kunne skape ein uforglemmeleg festivaldag i høgfjellet! 

- Dette er jo ein familiedag, der heile familien kan samlast og delta på dei ulike aktivitetene gjennom dagen. Me håpar at mange vil ta turen til fjells og kose seg, smiler Ingeborg Aadland, bookingmedarbeider og grafisk designar i Tyin-Filefjell.

 

Arrangerer fjelløp i vakre omgivelser  

Ein ekte fjellfestival, har sjølvsagt fjelløp på planen, eit mosjonsløp og eit for dei meir erfarne løperne! Dagen startar med registrering og utdeling av startnummer. Fyrst på programmet er Tyin-Filefjell Extreme - for dei som verkeleg har lyst på ei utfordring. 

- Tyin-Filefjell Extreme startar 11.00 og blir eit fjelløp i majestetiske omgivelser med start på Tyinkrysset og rute over fjellene Skørsnøse og Støgonøse. Totalt ca 13 km der det høyeste punktet ligger på hele 1455 moh, fortel Moen. 

- Dette er løpet for dei som verkeleg er klar for å utfordre seg sjølv! Løpet i år blir ein pilot for fremtidige løp, og det er kun 20 plassar denne gongen. Så, her gjeld det å vera kjapt ute med å melde seg på, legg han til. 

Det vil vera drikkestasjonar og løypevaktar langs traseen. Likevel må ein sjølv ha med seg drikke og nok klede til turen over fjellet. 

Medan dei mest ivrige løparane tek turen over fjellet, vil det klokka 11.00 vera rebusløp og frisbeegolf for barna. 

- Når klokka blir 12.00 arrangerer me mosjonsløpet Tyinkrysset rundt! Det er eit løp på 6 km, utan tidtaking og der dei fleste kan delta i eige tempo. Her har ein moglegheit til å vinne flotte trekkpremiar på startnummeret, så det er berre å ta med vennegjengen eller familien på rundtur rundt Tyinkrysset, smiler Moen. 

Etter målgang vil det sjølvsagt vera premieutdeling på Tyinkrysset. Dei tre raskaste i kvar klasse står igjen som pall-vinnare og får premiar sponset av Sparebanken Vest. 1. plass - 8000 kr, 2. plass - 4000 kr, 3. plass - 2000 kr.

- Me må verkeleg få lov å takke våre sponsorer under arrangementet, som gjer det mogleg å arrangere ein slik fjellfestival! Våre samarbeidspartnere Sparebanken Vest, Årdalsnett og Intersport Filefjell er også tilstede heile dagen, så stikk gjerne innom dei for ein hyggeleg prat, smiler Kjartan Bruvik, guide og prosjektleiar for aktiviteter hjå Tyin-Filefjell. 

 

Fårikålfest og livemusikk

Fjellfestivalen blir avsluttet med Fårikålfest på Tyinkrysset Fjellstue!

- Det blir selvfølgelig lokale råvarar både i gryte og i glas, med årets ferske Tyinlam og iskald drikke brygget på vatn frå Tyin. Når får og kål er fortært, vil kjente slagere bli fremført live, og det blir moglegheit for å svinge seg utover kvelden, seier Line Svien, Leder Hotell og Spisesteder. 

- Rett og slett ein helaften med lokal god mat og godt drikke, og ikkje minst masse trivelege fjellfolk! Det blir 18 års- aldersgrense, obligatorisk med bordbestilling, og programmet er rett rundt hjørnet, legg ho til. 

Les meir om Tyin-Filefjell sin Fjellfestival, meld deg på løp og gled deg til ein fin dag i haustfjellet!