Fullsizeoutput 16Fc
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Vilde er prosjektleiar for leirskulen på Filefjell

Vilde er prosjektleiar for leirskulen på Filefjell

08. oktober 2021
Nye i Vang: Vilde Smeby Hammershaug (27) frå Lillehammer er i gang som prosjektleiar for leirskule på Filefjell. No sjonglerer ho etableringa av leirskule med fritidsaktivitetar i Vangsnaturen - heilt perfekt seier ho!

- Eg har alltid hatt ein draum om å kunne bu ein plass der eg er nærmare snø, fjell og alle aktivitetane eg er glad i å halde på med, seier Vilde Smeby Hammershaug. 

Difor var ho snøgg i snu´n då Vang kommune lyste ut prosjektleiar-stillinga for etablering av leirskule på Filefjell. Det var venninna, Guro som tipsa ho om jobben. Ho hadde nemleg vore fjellspire i Vang fleire gonger, og skrytte av den unike fjellbygda. 

Vilde lot seg overbevise tvert. Og no går ho rett frå skulebenken og lærarstudier i Oslo, til høgfjellet og etablering av splitter nytt skuleopplegg. 

- Det er ein svært spennande og artig jobb eg har fått! Det å skulle skreddersy og lage eit heilt pedagogisk opplegg til leirskulen ser eg på som både krevjande og lærerikt, smiler Smeby Hammershaug. 

- Eg synes det er kult at dei tørr å satse på ei ung, nyutdanna lærar. Eg har og ein del års erfaring frå bre- og fjellføring frå Spiterstulen turisthytte som forhåpentlegvis vil kome godt med i planlegging av undervisninga, legg ho til. 

 

Ser fram til vinteren i Vang 

Ein av dei største grunnene til at Vilde havna i Vang, var moglegheitene for unike naturopplevingar og då spesielt randonee-ski. 

- Eg gler meg utruleg mykje til vinteren. Eg håpar på ein skikkelig god vinter her i Vang, ler ho. 

- Det er for meg ein stor frihet med så fleksibel arbeidskvardag som eg har no. Prosjektleiar-stillinga er på 50%, noko som gjer meg litt frie tøyler til å krydre kvardagen som eg vil, smiler Smeby Hammershaug. 

Det betyr mykje tid til stisykling, fjellturar, randonee, og det beste av naturopplevingar Vang har å bjuda på. Likevel får ho og smake litt på bylivet i blant. 

- Kjærasten min bur i Oslo, der me har kjøpt oss leilegheit saman. Difor pendlar eg litt mellom by og land om dagen. Eg vil påstå eg får det beste av to verdener no, seier Smeby Hammershaug og ler. 

Ho fortel at ho i utgangspunktet er prosjektleiar for leirskulen frem til januar neste år.

- Men om eg verkeleg trivst, så må eg jo berre bli lenger. Eg kan jo ikkje dra frå Vang då, smiler ho. 

No ser ho fram til ein spennande haust og vinter i Vang og bli betre kjent med både vangsgjeldingar og resten av bygda!