Moddi Foto Martin Bremnes
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Vinjerock inviterar: Ein jolekonsert med Moddi

Vinjerock inviterar: Ein jolekonsert med Moddi

20. november 2023
Laurdag 9. desember pakkar Moddi sekken full av jolestemning og vitjar Vang kyrkje for ein julekonsert me seint vil gløyme.

For mange er Pål Moddi Knutsen sjølve lyden av jol, etter at den unge senjaværingen blei handplukka av kronprins Haakon til å syngje “Nordnorsk julesalme” under Slottets jolekonsert i 2011. Sidan den gong har stemma hans blitt allemannseige, og 17. november kjem Moddi med sitt fyrste jolealbum!

Sjølv har Pål Moddi eit komplekst forhold til jol, noko som pregar det kommande albumet, på godt og vondt.

KJØP BILLETT HER!

- Eg har vanskeleg for å finne roa i alt stresset og forventningspresset, fortel han. Noko me alle kan kjenne oss att i.

- Difor ville eg lage ei juleplate om dei tinga eg skulle ønskje jol handla om. Om det å finne attende til kvarandre etter eit langt og hektisk år. Om å puste ut og høyre til der ein er.

Den 17. november slepp Moddi albumet “Denne tida i fjor” som inneheld mellom anna ein duett med visesongar Frida Ånnevik og fleire spor med strykeorkesteret Arktisk Filharmoni. Med på albumet er ôg Ellen Sofie Hovlands nyklassikar “Nå kommer jula til alle”, Moddi sin eigen “I desember” og ei nyinnspilling av nettopp “Nordnorsk julesalme”.

- Eg har forsøkt å lage ei plate som får fram kontrastane, både dei fine og dei vanskelege tinga. Eg trur det er fleire enn berre meg som treng det.

 

- Ein skikkeleg Valdresven! 

Festivalsjef i Vinjercok, Guro Furunes Pettersen gler seg stort over at Moddi nok ein gong tek turen til Vang i Valdres! 

- Moddi har vorte ein skikkeleg Valdresven over åra og fleire har nok møtt på han på mellom anna Vinjerock, Vårt Nabolag på Vang mottakssenter, konsert på Vang folkebibliotek og meire til. Me er difor sjølvsagt utruleg glade for å invitere han attende til Vang for ein jolekonsert i Vang kyrkje, seier festivalsjef Guro Furunes Pettersen 

- For meg er nok av Nordnorsk jolesamle med Moddi lyden av jol, og eg gler me til me skal fylle Vang kyrkje med nettopp denne låta, fleire vakre tonar og folk i adventstida, smilar festivalsjefen.  

 

 

På scena: 

Pål Moddi Knutsen – gitar, trekkspill, flügelhorn, sang

Katrine Schiøtt – cello, sang

Sverre Laupstad – piano, fiolin, sang

 

Foto: Martin Bremnes