Danielareyes 0421 0400 RGB
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Vinjerock inviterer til Hausttakkefest i Vang

Vinjerock inviterer til Hausttakkefest i Vang

14. september 2022
Saman med Vang Folkebibliotek ønskjer Vinjerock velkomen til marknad, konsert og kulturdag i Vang 24. september.

Vi sparkar i gong fredag 23. september, med Haustfest-middag på sommerhotellet. Sommerhotellet er kjende for å bruke gode råvarer, og lage kreative og leikne middagar. Dette blir ein av dei siste sjansane til å oppleve kjøkkenet på det vakre hotellet for i år, så vi håpar mange hiv seg rundt og blir med på eit herleg måltid.

Påmelding til post@sommerhotellet.no.

Hausttakkefesten 24. setepmber blir ein dag med lokalmatmarknad, aktivitetar og ikkje minst konsert. Hausttakkefesten og marknaden vil foregå utanfor og inne på biblioteket i Vang sentrum.

- Vang folkebibliotek er ein kreativ og dyktig gjeng, og på marknadsdagen smell dei i gong maratonlesing av eventyr. Her kan ein stikke innom mellom 10-15, og få ein smakebit av folkehistoriar og nyare eventyr med mat-tematikk, seier festivalsjef Sigrid Skjerdal.

Klokka 12.00 blir det konsert med den utrulig dyktige visesongaren Daniella Reyes i galleriet på Biblioteket. Dei som har sett Daniela Reyes spele, gløymer det ikkje med det første. Debutalbumet “Engangsdager” fekk strålande anmeldelsar og gav ho ein Spellemann for Årets tekstforfattar.

Ho blir skildra som ein musikar som kombinerer det uskuldige med det mektige i sitt naivistiske og tankefulle univers. Det let vakkert, men også morosamt og alvorleg. Reyes har mellom anna vitja Lindmo og Hver gang vi møtes på TV2, og no vitjar ho endeleg Vang.

 

Ønskjer mange lokale utstillarar på marknad

Frå 10-14 blir det marknad der lokale produsentar kan stille ut sine varer. Jo fleire produsentar som vil kome med sine produkt, dess betre!

Vi veit det finst utrulig mange flinke folk og gode produkt å få tak i her i området, og vi vil gjerne ha med så mange som mogleg på marknad. Dei som ønskjer å melde seg på, kan fylle ut dette skjemaet:

https://no.surveymonkey.com/r/5YCZ3HN

Vi er også utrulig glade for at Bua stiller opp med litt leikar og aktivitetar som alle kan få prøve. Bua er eit supert tiltak, og dei har masse aktivitetar og utstyr for gratis utlån.

Program for Hausttakkefesten 24. september:
10:00 Eventyrmaraton - eventyrlesing på biblioteket heilt til 15:00 (med eit lite opphald når det er konsert)
11.00: Marknadsområdet opnar
12.00: Konsert med Daniela Reyes
14.00 Marknadsområdet stenger