Stian Hjellemarken er oppsyn for Vang fjellstyre i Eidsbugarden fjelleigedom og har vore til fjells med 100-årsgåva no.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Vinn gratis fiske i 100 år

Vinn gratis fiske i 100 år

07. juli 2020

Finn du denne kassa får du gratis fiske i alle vatna til Eidsbugarden fjell-eigedom i 100 år. 

Bakgrunnen er at landets fjellstyrer er 100 år i år.  Dette feirar dei å ha lagt ut 100 gåver i dei ulike eigedommane rundt om i landet. No er kassa her i Vang ute.



– Både stigar og fiskevatn byrjar å smelte fram så no var det på tide å få ut kassa. Eg grev ho ikkje ned, for å seie det sånn, men legg ho heller ikkje mitt i DNT-stigen, fortel Stian Hjellemarken.

Han er oppsyn i Eidsbugarden fjell-eigedom for Vang fjellstyre og mykje ute i fjellet gjennom sommar og haust. Det er fiske i sjølve Bygdin og fleire av dei kringliggjande vatna som gjeld. Ekte høgfjellsfiske.

– Det er eit stort område innanfor fjelleigedommen og gåva er ikkje heilt vilkårleg lagt. Vi kan seie det sånn at du har moglegheit til å finne kassa om du set kursen mot rett fiskevatn og følgjer litt ekstra godt med der du går, fortel Hjellemarken.

Sjølv er han så smått i gang med fiskesesongen og deler villig vekk nokre tips for fiskesommaren.

- Er det familien på tur er Sløtatjednet eit godt alternativ med ikkje for lang innmarsj og godt med fisk. For den som er klar for ein litt lengre tur kan eg anbefale Uksedalstjernet mellom Galdeberg og Slettmarkspiggen. Her får du ei flott tur og stor fisk. Om fisken vil bite den dagen då.