Det er meir enn nok av snø å tære på sjølv om mildværet er på veg også til Vang inn mot vinterferien. Her frå nettet til Grindafjell ski.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Vinterferie i Vang

Vinterferie i Vang

19. februar 2021

Både fjell og bygd er klare for vinterferiegjestar - her er det du bør veta som besøkjande.

Kjapt om Covid fyrst. Det er null smitte i Valdres for tida. Treng du test, kontakt legekontoret på tlf. 61369500. Elles oppdaterer kommunen fortløpande med ny informasjon, mens kommuneoverlgen held alle oppdatert via eigen facebookside. Bruk tilboda i Vang som du vil, kombinert med sunn fornuft og smittevern.

Skiheisen på Tyin-Filefjell har utvida opningstid til 1630 alle dagar, med kveldskøyring både 25. februar og 4. mars. I Rauddalen er det også ope 10-1630 alle dagar. 

Tyinkrysset Fjellstue, Mjøsvang kafe og Saras mat er ope som vanleg. Det same er butikkar og andre tilbod. Tyinkrysset fjellstue har også dratt i gang både pizza-pub og pølse-pub dei neste fredagane og vert ein god møteplass for alle i vinterferien. Varmestøga i skiheisen leverar take-away torsdag-søndag i veke 8 og 9.

I Høgfjellet opna Fondsbu turisthytte og med det også transporten inn via beltebil denne helga. Bygdin Høifieldshotel opnar neste helg. Båe plassar er det også høve for dagsbesøk med servering.

Skiløypene i Vang framstår også i sin beste versjon denne snørike vinteren. Det er verdt å merkje at høgfjellsløypa mellom Grindafjell og Filefjell er stikka og kan nyttast ved gode tilhøve. Denne vert ikkje preparert som resten av nettet og egnar seg ofte best på fjellski.

Nytt av året er utleige av utstyr gratis via Bua i Vang. Dette tilbodet gjeld og hyttefolk anten det manglar utstyr eller noko er lagt att heime.