DSCF7541
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Vinterferie og kreative dagar i Vang

Vinterferie og kreative dagar i Vang

27. februar 2023
Denne veka inviterer frivilligsentralen og biblioteket til kreative dagar i vinterferien!

Denne veka inviterer frivilligsentralen og biblioteket til kreative dagar på biblioteket tysdag, onsdag og fredag kl 12-15, med diverse hobbyutstyr, spel og lego. Vi ønskjer at ungar kjem saman med vaksne og 'ordnar seg sjølv' med det vi har satt fram.

Torsdag inviterer frivilligsentralen og Vang mottakssenter til aktivitsdag på jordet bak mottaket. Vi stiller med ski og diverse leik- og akeutstyr frå BUA, og varm bålpanne. Ta med det du vil grille sjølv. All aking på eige ansvar ;-)

Velkomen til ein sosial vinterferie i Vang!