Dyrisk_bibl_stor.jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Vinterferieveka 2019

Variert vinterferieveke på biblioteket

17. februar 2019

Vang folkebibliotek ynskjer alle barn velkomen til ei spennande vinterferieveke på bilbioteket i Vang sentrum.

Måndag 25. februar kl. 13- 15 blir det LEGO-verkstad med Bob.

Tysdag 26. februar kl. 13- 15 blir det LEGO-verkstad med Bob.

Onsdag 27. februar kl. 13 konserten Dyriske strofer med Hege Rimestad. Dyriske strofer er eit konsertprogram som formidlar songglede og nysgjerrighet på natur og dyreliv med mykje påfunn og fantasi. Frå 4 år.

Fredag 1. mars kl. 13 viser vi filmen Min nabo Totoro som passar for alle.

Laurdag 2. mars kl. 13- 15 skal Anders Daa Mæland ha morosame aktivitetar med barna.

Dyriske strofer

«Tenk at alle bøker en gang har vært et tre! I trærne har det bodd maur, mus, ekorn - og kanskje en bokfink? I biblioteket er det mange bøker – en hel skog!» Hege slår opp teltet sitt i bibliotekskogen. På turen har ho med fele og ukulele, og mange songar om dyra vi kan møte i skogen. Barna er velkomne til å ta med ein song dei likar til konserten om eit koseleg, rart, søtt eller farleg dyr.

Hege Rimestad har vøre ein av landets mest profilerte felespillere sidan ho var med i Amtmandens Døtre og Veslefrikk på 70- talet. Ho har også spilt med Mari Boine, og gjeve ut solo-CDane The Seed keeper, Hvite pil og barneplata Fly som en stein saman med Geirr Lystrup. Sist nemna blei løna med Spellemansprisen. Mange kjennar Hege Rimestad som Rødnissejenta frå Jul i Blåfjell. Ho har gjort ein rekke turnéar for Rikskonsertane og Den kulturelle skolesekken i skole og barnehagar. Dei siste to åra har ho spilt konsertar med Astrid Lindgren-programmet Pilutta deg! Samen med Sara Andersson.

Lisbeth Eilertsen frå Fyrverkeriet bibliotek i Vestre Toten gjev begeistra tilbakemelding: «[Hege Rimestad]… leverte to solide forestillinger med action hele veien. Ungene var med fra første "pip" og sang med på sangene, om de kunne dem eller ikke! …»

Dyriske strofer passar best for barn frå 4- 8 år. Men alle store og små er velkomen til alle arrangement!