Nyheit

Visning av novellefilm spelt inn i Vang

  Nyheitsarkiv
07. okt 2016
Onsdag 12. oktober kan du sjå filmen og møte regissør Ole Sebastian Kåss

For eit halvt år sidan vart novellefilmen Forfalne spelt inn i Vang, av studentar ved Den Norske Filmskolen på Lillehammer. Fleire frå Vang var med som statistar, saman med dei profesjonelle skodespelarane Ida Elise Borch, Herbert Nordrum og Trine Wiggen. Onsdag 12. oktober kl 19:00 kjem regissør Ole Sebastian Kåss til Vang folkebibliotek for å vise filmen og fortejle litt om prosessen.

Delar av filmen er spelt inn på Haugen gard i Ellingbøvegen, samt ved og i Hensåsen kyrkje. Sigfred Hovda var ein av dei lokale statistane, i rolla som prest. - Eg og Kjell Anders Haugen var med på fleire av opptaka, det var ein artig opplevelse. Vi lærte mykje, mest om kor mykje venting det er på eit filmsett, seier han.
Blandt statistane ser vi også Helge Rønningen som lik i ope kiste, og Tikiri Fernando som syng i minnesamværet. – Stemninga mellom karakterene i filmen er temmelig trykkende. Derfor passa det så perfekt å ha Vang og de voldsomme fjellene her som kulisser, fortel produsent Anton Hanson. Han seier vidare om filmen: - Den handler om Kristin, som etter farens død desperat prøver å redde det som er igjen av familien. Hennes siste håp er Johan, hennes bror som ikke har vært på gården de siste 10 årene og som heller ikke har blitt informert, verken om farens død eller begravelsen. Han skynder seg til gården når Kristin forteller at han farens begravelse er i dag. Det ingen i begravelsen vet, er at denne familiegjenforeningen er en bombe klar til å gå av. Om du er på leting etter en lykkelig slutt, har du kommet til feil sted.

Filmen varer 25 minutt, og det er fri entré. Filmen vil også bli vist på NRK i løpet av vinteren.