Reportasje

Sommaropplevingar i Vang

Her er ti sommartips for feriegjestar og fastbuande sommaren 2020. 

Opplev Kongevegen over Filefjell

Med fleire internasjonale utmerkelsar i beltet byr Kongevegen over Filefjell på den beste kombinasjonen av natur, kultur og vandring. Vi kan særleg anbefale ein av pakketurane, ettermiddagsturen gjennom Kvamskleive eller dagsturen frå Kyrkjestølen til Maristova. Som eit bonustips kan vi nemnet at både hovudstrekket og avstikkaren langs Mjølkevegen gjennom Vang er å anbefale for deg som vil sykle.

La deg guide

Opplev Filefjell byr på lågterskel, mens Tyin Aktiv tek deg til Uranostinden, Falketinden eller andre av dei gjævaste 2000-meterstoppane i Jotunheimen. Berg aktiviteter leverer alltid hyggelege opplevingar anten det er snakk om Falketind, familieaktivitetar eller lagbygging, mens Jotun Fishing guidar deg til det beste høgfjellsfisket i landet.

Sov på ein støl

Mange av stølane i Vang har byrja å poppe ut på Airbnbn. Her får du det så enkelt eller så fancy du sjølv ynskjer. Den som også vil tett på gard, dyr og stølsliv kan bestille ei eller fleire netter hjå Ellingbø gard. Den som vil smake på stølskosten rett frå stølen kan ta turen til Sparstadstølen i Sandalen. Ellers nemner vi fjorårets store hit i Vang - Arctic Dome Valdres. Vel verdt ei overnatting om du får plass!

Hugakøllen - turen for alle

Hugakøllen er kort nok til at sjølv minstemann kan gå eller bli bært opp. Og med utsyn over bygd og fjell få andre turar kan matche. Du som vil på fleire kan samle toppar med Vang turlag sin turtrim. Resten av fjellturane i Vang finn du her.

Dei gode bomturane

Bomturane (red. anm: biltur langs grusveg i høgfjellet) i Vang er sjeldent mange og sjeldent flotte. Kvar og ein av desse er verdt ein dag eller to, anten det er støl, fjell, fiske eller berre livsnyting på agendaen.

Ta båten gjennom Jotunheimen

MB Bitihorn har køyrt over Bygdin i Jotunheimen sidan 1912 og no er det opna for førehandsbooking! Synshorn Via ferrata i austenden eller ein rusletur til Utsikten ved er gode alternativ. Elles lyt vi nemne at matservering og overnatting i båe ender av Bygdin er av ypparste kaliber. 

Eldmølla - landets råaste badstove

Over eit juv med utsyn over Vang ligg Eldmølla - ei badstoveoppleving for livet. Det er også flott å berre gå ein av stigane opp for å sjå bygget og nyte utsjåandet.

Opplev fjellfisket

Store innsjøar, små fjellvatn, mykje rennande vatn og god forvaltning gjev eit høgfjellsfiske av aller ypparste kaliber i Vang. Her prøver vi å guide deg til fiskekort og rett oppleving for deg her!

Smak på Vang

Du kan handle direkte frå eit stort antall matprodusentar i Vang. Elles kan vi anbefale falaffel hjå Saras mat i Ryfoss, Skakadalsburger på Mjøsvang kafe, eller eit av dei kortreiste alternativa på serveringsplassane i høgfjellet. Filefjellstuene, Tyinkrysset fjellstue, Tyinholmen høyfjellstuer, Fondsbu turisthytte, Bygdin høifieldshotell eller Bygdinstøga

Stavkyrkjer og bygdekultur

Høre stavkyrkje  og Gardsmuseumet på Hermunstadhaugen i Øye har både opningstider og guidar i sommar. Gamle Kvam gard guidar på bestilling og Øye stavkyrkje er like fotogen som alltid og har rikeleg med informasjon tilgjengeleg.

Elles finn du mykje snadder både her på vangivaldres.no, på valdres.no og på outdooractive.com og UT.no der du kan guide deg sjølv til gode opplevingar i Vang.

I appen outdooractive ligg det mykje tursnadder frå Vang. Det same gjeld UT.no på både nett og i app.

I appen outdooractive ligg det mykje tursnadder frå Vang. Det same gjeld UT.no på både nett og i app.

Velkommen til Vang, Valdres og Jotunheimen i sommar - meir om dalen finn på valdres.no

Velkommen til Vang, Valdres og Jotunheimen i sommar - meir om dalen finn på valdres.no

Kongevegen over Filefjell byr på natur og kultur frå øvste hylle i både nasjonal og internasjonal målestokk.

Kongevegen over Filefjell byr på natur og kultur frå øvste hylle i både nasjonal og internasjonal målestokk.

Velkommen vangivaldres.no -vi er tett på arbeid, bustad, fjell og folk i fjellbygda Vang øvst i Valdres.

Velkommen vangivaldres.no -vi er tett på arbeid, bustad, fjell og folk i fjellbygda Vang øvst i Valdres.

Vang er fjellkommunen øvst i Valdres - velkommen som feriegjest sommaren 2020.

Vang er fjellkommunen øvst i Valdres - velkommen som feriegjest sommaren 2020.