Reportasje

Bomturar i Vang

Det tett mellom fjelltur, fiske, stølsliv og naturmangfald langs bomvegane i bygda.

– Vang er eit eldorado for den som vil ha seg ein skikkeleg bomtur. Det vart dessverre berre plass til to av dei i boka, men eg planlegg å kome att som turist og oppleve nokre av dei andre bomvegane dykkar, fortel forfattar Rebecca Nedregotten Strand.

I arbeidet med boka Bomtur som kjem ut i mai 2020 har ho erfart at turar ofte vert ekstra minneverdige når ein møter gode folk undervegs. Difor er turane i Vang nokre av dei ho hugsar best frå alle turane på den intrikate grusveven som slike vegar formar i det norske landskapet.

- Turfylgjet mitt, Hallgrim Børhus Rogn, hadde eit brennande hjarte for sin eigen heimplass. Han viste meg vakker natur, eit levande landbruk og gode folk som Ingrid Asheim Hennum på Sleipestølen. Ja, eg fekk nesten lyst til å bli valdris sjølv! Slettefjellvegen er forresten den einaste vegen eg har køyrt med eigen iskiosk ved bommen, så det er eit heitt tips til andre som skal på tur.

Forfattar Rebecca Nedregotten Strand har gjeve ut boka Bomtur! Her er både Slettefjellvegen, Sleipestølen og Skakaden med og forfattaren er fast bestemt på å koma att for å oppleve fleire av bomturane i Vang. Foto: Erlend Myrstad

Forfattar Rebecca Nedregotten Strand har gjeve ut boka Bomtur! Her er både Slettefjellvegen, Sleipestølen og Skakaden med og forfattaren er fast bestemt på å koma att for å oppleve fleire av bomturane i Vang. Foto: Erlend Myrstad

Møtet med Ingrid, familien og kyrene ved Sleipestølen er nok av det forfattaren hugsar best frå arbeidet med boka Bomtur. - Turar blir ofte ekstra minneverdige når ein møter gode folk undervegs, meiner ho. Foto: Rebecca Nedregotten Strand.

Møtet med Ingrid, familien og kyrene ved Sleipestølen er nok av det forfattaren hugsar best frå arbeidet med boka Bomtur. - Turar blir ofte ekstra minneverdige når ein møter gode folk undervegs, meiner ho. Foto: Rebecca Nedregotten Strand.

Utdrag får turen i Vang
Del 1: Sørre Skakadalsvegen -  del 2: Slettefjellvegen og Olevegen

Han spring så fort han kan. Det er tjue grisar i hælane hans og bakken er sleip. Akkurat no er det litt stress å vere innovangsjonsminister.  

Midt i eit rosa hav står han. Våte stikkontaktsnutar sug inn lukta av leggane hans, rotar rundt på bakken og tek ein prøvesmak av bare tær. Han har skuggelue, t-skjorte og saggar dongerishortsen. Hallgrim Børhus Rogn er ikkje nokon heilt vanleg statsråd. Jobben hans er å gjere Vang i Valdres til ein attraktiv stad å bu. Vere innovangtiv og bidra til at kommunen får 1724 innbyggjarar innan 2020. I toppåret 1845 var det nesten 3000 innbyggarar her. 171 år seinare var folketalet nesten halvert. Folketeljingane heilt attende til 1769 gav det brutale svaret. Tidenes dårlegaste resultat. No peikar pilene i rett retning, men innovangsjonsministeren blir nok ikkje arbeidsledig med det fyrste. I 2019 budde det 1610 menneske i Vang.  

Dei lyserosa med krøll på halen ser ikkje ut til å ville bu nokon annan stad. Grisane til Raymond Holien Eltun brukar heile sommaren på frilandsbeite i Skakadalen, blant einer, lyng og mose. Grisehuset deira har fått kremtomta midt i dalen med utsikt mot fjella og Bergsstølane. Fjellbygda flottar seg i dag. Sjølv ein som helst vil sjå havet frå stoveglaset kan få lyst til å flytte hit. Det næraste du kjem kyst her er breidda av Vangsmjøse, eller ein båttur på Bygdin, og vatnet kan jo gå kvitt der også. Trass i at målsetjinga for 2020 neppe blir nådd, har framstøyten for å lokke til seg nye fastbuande vore ein suksess. Talet på innbyggarar med høgare utdanning har stige med 100 personar. Nye bedrifter blir starta, og gjennomsnittsalderen sekk. Ei høgst uoffisiell oppteljing viser at talet på menn og kvinner mellom 30 og 40 år har auka med 18 personar frå 2015 til 2019.  

Fjellbygda flottar seg i dag.

Hallgrim har flytta heim sjølv, og fått ministerpost. Lenge før vi vart forfylgde av glade grisar, møttest vi i eit kryss på Slettefjellvegen, 986 meter over havet. Eg kom frå Beitostølen, han frå Rogn. Målet var Sleipestølen. Nesten så langt nordvest i Valdres at du kan ta på Jotunheimen. Trass i namnet, er det ikkje vanskeleg å finne fotfeste der. Det veit ho som stryk Kaia ku roleg over ein brun nakke, medan fem ungar konkurrerer om kven som kan hoppe høgast på trampolinen like ved. Alle har god tid. Dei skal ingen stad på lenge. Ingrid driv garden på Remme saman med mannen sin, Torbjørn. Det er langt herifrå, heilt nede ved Vangsmjøsa, men om sommaren er dei her. 16 kyr går i retning Olefjorden, kanskje dei har høyrt at graset er grønare på andre sida av haugen? Om kvelden kjem dei attende med fulle jur for å mjølkast. Kan hende blir familien på setra i åtte veker, heilt til hausten bankar på og borna må ha skuleskyss for å kome seg frå stølen til bygda. 

Finn din bomtur

Værsågod - ein kjapp guide til stort og smått av bomturar i Vang. (Vi har lenka inn startstad i googlekartet på alle vegane)

  • Rødalen - Autentisk stølsdal med fleire flotte fotturar opp frå Øye eller vidare inn på fjellet. 
  • Skakadalen – Legendarisk blåbærdal med ei flott elv i dalbotn. Mogleg startpunkt for turen til Belgen og heimen til dei flottaste utegrisane i landet.
  • Sanddalen – Eit besøk på Sparstadstølen er eit minne for livet. Ellers er det beitande hestar og fleire vatn med storfisk innover. Turen til DNT-hytta Tomashelleren kan også starte her.
  • Helin – Eit klassisk stølsområde i Vang med stor fisk i vatnet, dyr på beite og fleire små og større turar i nærområdet. Du kan kome tett på stølslivet gjennom Ellingbø gard som både leiger bort eit stølshus og inviterar deg med på opplevingar.
  • Smådalen – Den gjævaste av alle fjelldalar i Noreg? Vi meiner det. Fjellturar i fleng (Grindane, Ranastønge, Rankonøse), godt fiske i både Hestebotn og Smådøla og eit heilt unikt landskapsvernområde ved Øynadn.
  • Syndin – Stølslandskap, fisk, fjelltur og sykkel. 
  • Slettefjellvegen – Vi går god for at dette er flottaste gruslagte fjellovergangen i landet. Høve for avstikkarar inn Herredalen eller til Olø og Sleipestølen. Is i kiosken. Og har du gått til Yksendalsbu eller på Mugnetinden?
  • HugastølenHugakøllen er bygdefjellet over alle bygdefjell og gjev det beste utsynet over alle delar av Vang. Ellers er det fleire flotte badekulpar i elva Ala og både kyr og sau på beite.

Det er også nokre bomvegar der berre mjølkebil eller reingjetarar slepp gjennom. Både vegen til Jonskør, inn i Koldedalen eller til Leirholshøgde er av dei flottaste fotturane langs grusveg du nokon gong vil oppleve.

Fleire bilete