Med ei eksotisk og eksklusiv pakke vart Arctic Dome Valdres ein stor suksess i sin fyrste sesong. Foto: Ingrid Andrea Harrison Jonsløkken / @ingridandreah på Instagram.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Knallstart for Arctic Dome Valdres

Knallstart for Arctic Dome Valdres

21. oktober 2020

Med fullt hus gjennom sommaren og strålande attendemeldingar vart det ein solid start for Arctic Dome Valdres. 

– Responsen har vore strålende med fullt i fellesferien og alle helger frem til vi avslutta i midten av oktober, fortel Øyvind Ekerbakke Stende. 



Saman med broren Åsmund og med god hjelp frå familien rundt lanserte dei nyvinninga Arctic Dome Valdres no i juni. Kort fortalt er det eit høgstandardtelt sett opp i Jonskør i Øvre Dalen med rått utsyn og gode fasilitetar.

Synlege supervertar 

Bortsett frå ein slengar frå Danmark i starten av sesongen har det utelukkande vore nordmenn. Oslo og Bergen dominerer, men folk har tatt turen ned frå Lofoten. Også mange lokale har nytta tilbodet.



- Vi er særleg stolte av utelukkande strålande tilbakemeldingar og at det har vore såpass mange frå Valdres som har overnatta. Til no manglar det faktisk berre besøk frå Etnedal, så vi reknar med nokre derifrå tek langturen opp til oss neste år, glisar Stende.

Tilbakemeldingane har ført til at dei har 5.0 stjerner (det beste som er mogleg å ha) på AirBNB som dei nyttar som hovudkanal for å handtere bestillingar. 

- I praksis betyr det at vi får ekstra synlegheit på nettsida som såkalla «supervert» og at folk med ein gong ser at vi tilbyr kvalitet.

Nøgde besøkande er dei beste ambassadørane og synlegheita for Vang og domen ut i verda har vore særs god i år. 

– Både facebooksida og Instagramkanalen har vekse mykje, og vi ser at alle som har kanalar på sosiale medium deler frå opphaldet sitt. Det verkar som det er såpass kult og spesielt at det vert mykje både klikk og kommentarar, fortel Stende.



No på tampen av sesongen inviterte dei og opp nokre influensarar som gav både domen og Vang i Valdres litt ekstra blest.

Motivert for meir

Årets sesong vart noko kortare enn målet, men på tross av dette nådde dei det talet på overnattingar dei drøymte om.

– Bygginga var krevjande så vi opna seinare enn planlagt. At vi framleis når målet med nesten 50 overnattingsdøgn, noko vi eigentleg såg på som litt optimistisk, er vi særs godt nøgd med. 

Neste år reknar dei med å opne i midten av juni og elles byggje vidare på erfaringane frå dette året.

– Vi tek det litt etter kvart, men det er jo ikkje feil å byggje vidare på det som fungerer. Samstundes har vi andre idear utan at det er heilt spikra. No gjer vi fyrst og fremst dette 100 % og så får vi dunke til med ein ny ide 100 % seinare. Det som i alle fall er sikkert er at Vang er såpass flott frå før, at det er mange moglegheiter. Veldig mange….Ein lyt berre våge og ikkje berre la det bli med praten. Det fungerte i alle fall denne gongen!