Det er mange gode grunnar til å bu i Vang! Her er eit lite utval:
- Ei storstilt satsing på barn og unge!
- Ein kombinert barne- og ungdomsskule med ca 200 elever. Nyrenovert med den nye fleirbrukshallen Vangshallen, med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
- Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns- og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og frå august 2024 er månadsprisen per barn 1500 kr.
- Helse og omsorgstenester av god kvalitet.
- Vang kommune har personalbustadar til leige, med butid opptil 3 år.
- Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
- I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, Kontorfellesskapet 1724 og Synshagen Næringspark Gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
- Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete, med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar.
- I Vang står lag og foreiningar sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak. Du finn alt om foreningsliv og fritidstilbod i Vang Foreningsportal
- Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg! Vang blir sagt å ha "vestlandsfjell med austlandsklima", og er ei bygd med landbruk, gründarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock
- I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling.
- Meir info om korleis det er å bu i Vang finn du på VangiValdres
- Meir info om arbeids- og bustadsmarknaden Valdres finn du på VelgValdres