Næringsstipend, næringsfond og næringsutviklar er på plass for å hjelpe bedrifter og enkeltpersonforetak opp og fram.
Vang har lange tradisjonar innanfor jordbruk, handverk og reiseliv – med mange solide bedriftar og spenstige satsingar dei siste åra. I tillegg satsar ein knallhardt på teknologi og kultur i gründerkommunen Vang.
Fyrst av alt - har du ein ide, dårleg eller god, ta kontakt med næringsutviklar Dag Inge Bruflot i Innovangsjon. Han hjelper nye bedrifter i gang eller eksisterande bedrifter med utvikling. Ved sidan av råd og rettleiing om bedrift og søknader har han og eit stort og godt kontaktnett mot Valdres Næringshage, Innovasjon Norge, Valdres Natur og Kulturpark, Vang kommune og eksisterande næringsliv i både Vang og Valdres.
Vinteren 2015 oppretta Vang kommune eit eige næringsstipend på 10.000 kroner til gründarar i bygda. I det du startar opp bedrift, ta gjerne kontakt med Dag Inge før du sender søknaden. Kanskje kan ein saman finne fleire stader å søkje om støtte.
Elles gjeld dette:
Her finn du søknadsskjema for næringsstipendet. Saksframlegg og vedtak frå kommunestyret, ligg her.
Frå januar 2016 er eit næringsfond på ein million årleg verksamt for bedrifter i Vang. Har bedrifta planer som går ut over drift og vedlikehald er det mest truleg lurt å stille ein søknad til fondet. Ein kan søkje fortløpande, og formannskapet i Vang tek stilling til søknaden. Eit viktig moment er at søknaden skal drøftast med næringsutviklar i Innovangsjon før han vert sendt til formannskapet, samt at ein lyt søkje før ein set i gang prosjektet. Med andre ord - ta kontakt med Dag Inge og kom i gang med søknaden.
Relevante dokument:
«Samrøystes vedteke KS- 014/20 Vedtak: Formannskapet ber kommunestyret om utvida fullmakter for å gje næringstilskott med følgande avgrensingar: · Totalramme for tilskott til næringsutvikling som er avsett i årsbudsjett og økonomiplan 2020-23 skal ikkje overskridast, men midlane er ikkje bunde til det einskilde budsjettår. · Formannskapet kan sjå bort frå fristane i retningslinene og fatte vedtak i søknadar om tilskott til næringsutvikling fortløypande. · Formannskapet kan sjå bort frå kravet om at tilskottet maksimalt skal vera 25% av prosjektet i søknadar med god grunngjeving for dette. · Maks beløp på kr. 200.000 pr. søknad/bedrift skal oppretthaldast. · Elles skal vedtekne retningsliner følgjast. Dei utvida fullmaktene gjeld ut 2020, men kan forlengast av kommunestyret ved nytt vedtak.»
I Vang er det to kontorfellesskap med kvar sin profil. Synshagen næringspark har IT, byggjefirma, elektrofirma, landskapsarkitekt, rekneskapskontor og entrepenørar i sine rekker. På Kontorfellesskapet 1724 finn du små og større kultur– og teknologi–bedrifter.
Det er elles mykje regulert næringsareal i heile kommunen - ta kontakt med næringsutviklar Dag Inge om du ser etter plass til deg og di bedrift.
Dag Inge Bruflot
Med bakgrunn får internasjonalt næringsliv (Ikea, Acer) flytta Dag Inge Bruflot til Vang sumaren 2015 og byrja i jobben som næringsutviklar i Innovangsjon. Anten du driv næring i bygda, vurderer å starte opp noko eller berre treng ein å diskutere ideen din med, er Dag Inge mannen å kontakte.
TLF: 958 73 757