Fredagskos Rogn Camping (13 Of 20)
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv 28 nye på Fredagskos

28 nye på Fredagskos

07. september 2020

Heile 28 nye sambygdingar var på plass under Fredagskos med fiskekonkurranse på Rogn camping 4. september.

Dette var opplegget. Folk møtte opp og vi var litt overfulle med 28 nye og 28 gamle vangsgjeldingar samla.

Maten var ein liten grillsymfonia frå Vang. Tilbehøret kom frå Saras mat i Ryfoss, kotelettane var Utegris frå Vang, kjepølsene var frå Randi i Liagardane og verdas beste tomatar kom frå Vida i Heensgardane.

Ellles vart største fisken målt til 171 gram med årskort hjå Øylo-Ryfoss elvelag som premie. Tre ølvottar med fiskemotiv vart også delt ut. 

Med kviss, mat, prat, bål og fiskekonkurranse vart det ein triveleg og smittetrygg samling!

Sjå Avisa Valdres sin sak frå kvelden. (abo)