Med eigen iskiosk, stort utsyn og flotte folk er turen over Slettefjellvegen ein av bomturane som har fått plass i den nye boka. Foto: Rebecca Nedregotten Strand.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Bomturar frå Vang i ny bok

Bomturar frå Vang i ny bok

12. mai 2020

To av dei flottaste bomvegane i Vang har fått plass i ei ny bok som straks kjem på markanden.

– Vang er eit eldorado for den som vil ha seg ein skikkeleg bomtur. Det vart dessverre berre plass til to av dei i boka, men eg planlegg å kome att som turist og oppleve nokre av dei andre bomvegane dykkar, fortel forfattar Rebecca Nedregotten Strand.

I arbeidet med boka Bomtur som kjem ut på Skald forlag no i mai har ho erfart at turar ofte vert ekstra minneverdige når ein møter gode folk undervegs. Difor er turane i Vang nokre av dei ho hugsar best frå alle turane dei siste åra.

- Turfylgjet mitt, Hallgrim Børhus Rogn, hadde eit brennande hjarte for sin eigen heimplass. Han viste meg vakker natur, eit levande landbruk og gode folk som Ingrid Asheim Hennum på Sleipestølen. Ja, eg fekk nesten lyst til å bli valdris sjølv, fortel Strand.

Ho fortel også at Slettefjellvegen er den einaste bomvegen ho har køyrt med iskiosk ved bommen.

– Det er eit heitt tips til andre som skal på tur!

Les utdrag får boka og få tips til fleire bomturar i Vang i denne reportasjen.