Solbærbonde Eirik Erikson Berge får bæra sine ut i alle Meny-butikkar i løpet av hausten. For deg som er i området er det både kassesal og sjølvplukk akkurat no.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Dobla solbæravlinga på eit år

Dobla solbæravlinga på eit år

18. august 2020

Med dobbel avling målt mot fjoråret og framifrå kvalitet på bæra er det både sjølvplukk og kassesal av solbær ved Sørre Bø no. 

– Det er smaken vi er aller mest stolte av her på Sørre Bø. Den er heilt unik og kjem av sein blomstring og gode soltilhøve i hellinga her i Vang, fortel Eirik Erikson Berge. 

I 2015 planta han 70 mål med solbær og i fjor byrja han hausting med spesialbygd innhaustar frå Italia. 

– Kvaliteten er over all forventning, men å få størrelse på buskene har tatt noko lenger tid enn planlagt. No er vi imidlertid over den kneika og avlinga er dobla sidan fjoråret.

Vil du plukke sjølv eller handle i kassevis? Ring Eirik på tlf. 908 57 078. Adressa er Klukkargardsvegen 95.

For sjølvplukk er prisen 45 kroner kiloen. For kjøp av ferdig plukka bær er prisen 90 kroner. Desse kassene er på 7-8 kilo.

Ut i alle Meny-butikkar

Med dobla avling treng Berge omsetning på bæra og han har inngått samarbeid med Røysland bær.



– Dei er økologisk produsent og foredler av bær og no i haust vert det økologisk solbærsyltetøy å finne i alle Meny-butikkar i Noreg med mine bær, fortel Berge.

Ved sidan av dette er det altså sjølvplukk og direktesal som er omsetningskanalane for dei økologiske solbæra. 

– Det ligg nokre planar om meir foredling og kanskje ein fulltids arbeidsplass i eigen regi fram i tid, men enn så lenge er dette på forsøksstadiet. Akkurat no er eg berre særs nøgd med å ha såpass fantastisk solbær å tilby.