Tysdag var det nformasjonsmøte kring fiberutbygging i Vang det neste året. Foto: Vidar Eltun.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Fleire får fiber det neste året

Fleire får fiber det neste året

28. oktober 2020

Til jul neste år har alle som ynskjer det fiber i Øye/Nedre Dalen, området mellom Vennis-Neset-Dalsbru og i Høresbygde. 
 
Tysdag skipa Telenor til informasjonsmøte om den komande breibandutbygginga på Mjøsvang kafe der ordførar Vidar Eltun ynskte velkommen og orienterte om kva som har skjedd i Vang og Valdres så langt. 

- Det er mange gode grunnar til å kople seg på når høvet byr seg no, men det er sjølvsagt opp til kvar og ein å bestemme kva ein vil, sa Eltun. 

Når denne runda med utbygging er i mål, er det berre nokre få adresser att i Vang utan fibertilbod. Det er Valdres Natur- og Kulturpark som koordinerer breibandutbygginga i Valdres, i tett samarbeid med kommunane. Totalt vert det nytta 68 millionar offentlege kroner i denne runda. 

Telenor informerte

Telenor, representert ved Stian Larsen, orienterte om prosjektet som skal i gang i 2021. No bruker dei tida på å selje breibandsløysing til husstandane i aktuelle område i Vang. 

– Det enklaste er å gå på nettsida og legge inn bestilling. (NB-det feiler på nokre adresser, Telenor er på saken og har lova å fikse det i løpet av nokre dagar) Vi kjem også til å ta runda frå dør til dør på kveldstid i tida som kjem for å informere om tilbodet, fortalde Larsen.

Kostnadane for å fiber er eigenandel på 4990,- for framføring til tomtegrense. Oppå dette lyt ein velje kvar for abonnement ein vil ha. Dette har bindingstid på eit år. 

– All utbygging skal etter planen vera gjennomført i løpet av 2021 med kopling av nett i perioden oktober til desember. Eg oppmodar alle om å ha god dialog med entreprenøren OneCo under utbygginga og elles vente med å si opp noverande avtalar til alt er avklara, sa Larsen.

Telenor hadde ikkje fått ut beskjed til alle  aktuelle husstandar om gårsdagens møte. Ynskjer du eit nytt informasjonsmøte med Telenor? Sei i frå på e-post til post@vang.kommune.no med «møte fiberutbygging» i emnefeltet. 

- Ved få henvendingar tek vi direkte kontakt og informerer, men om mange ynskjer nytt møte tek vi turen opp att, forsikra Larsen.

Han oppmodar også eigarar av hus eller fritidsbustad i kringliggjande område om å melde interesse no, då dei ynskjer å strekke seg langt for å gje flest mogleg eit tilbod.