Nyheit

Mot 100% fiber-dekning

  Nyheitsarkiv
20. jan 2020
  • Eit lite strekke i Liagardane mellom Åsvang og Høre er snart det einaste større området utan fibertilbod i Vang.
  • Desse områda i Vang er med i anbodspapira som strak kjem ut.
Fleire store utbyggingar i år

– Innan utgangen av 2023 skal vi ha full fiberdekning i Vang, seier ordførar Vidar Eltun.

Fleire grender i Vang har fått fiber siste året og mange står for tur i 2020. 

– Vi har krevjande avstandar og terreng i Vang, men om alle spelar godt på lag bør vi absolutt klare full dekning innan utgangen av 2023, meiner Eltun.

Han har saman med fleire andre lokalt og regionalt jobba for fiberutbygging gjennom ei årrekkje. 

Status

Øye/Nedre Dalen, Vennis-Neset-Dalsbru og Høresbygde er i anbodet som går ut no i slutten av månaden. Samstundes har område som Vang sentrum (eigenfinansiert av husstandane), Tørpegardane, Ryfoss og Øvre Dalen vorte kopla på i 2019. Tidlegare er fleire andre område tekne.

- I praksis er delar av Liagardane einaste område som ikkje er under utbygging. Dette skal med i neste anbodsrunde og når den planen er klar der får vi gjere opp status for dei få einingane utan eit tilbod og finne beste løysing for desse, fortel Eltun.

Også hytteområda i Vang er på ordføraren si ynskjeliste for fiberutbygging framover, men her vil han ikkje love full utbygging til 2023.