Turid Berge er godt i gang med sommarsesongen på Tyinholmen høyfjellstuer og melder om mykje folk til fjells.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Flott start i fjellet

Flott start i fjellet

07. juli 2020

Både Tyinholmen og Fondsbu melder om strålande start på sommarsesongen. Men fjellet er langt frå fullt.

– Vi har fått ein framifrå start på sesongen med mange og godt nøgde gjestar, fortel Turid Berge, vertinne ved Tyinholmen høyfjellstuer.

Ho har stått for drifta av Tyinholmen sidan 2013 og har fått med seg eit godt lag til å drive fjellstua i sommar.

- Vi er godt budde til å ta i mot gjestar og har vi kapasitet til fleire gjester så godt som alle dagar, fortel Berge.

Viktig sommarsesong

Etter at både Tyinholmen og Fondsbu mista dei viktigaste vekene av vintersesongen er sommaren avgjerande. 

– Det var ekstra godt å koma i gang  og møte både gjester og tilsette att. Det har vore bra trøkk no i starten og eg ser lyst på sommaren. Særleg gleder eg meg til jubileumsfeiringa for fyrstebestigninga av Falketind no i juli, fortel vertinne ved Fondsbu turisthytte, Solbjørg Kvålshaugen.

På tross av bra trøkk understreker ho at det er absolutt plass til fleire i fjellet framover.

– Bortsett frå jubileumshelga er det svært få dagar det er fullt, samstundes som det er enkelt bestille på førehand både via nett, e-post eller telefon, fortel Kvålshaugen.

For det er førehandsbestilling som gjeld i sommar hjå både Tyinholmen, Fondsbu og andre overnattingsplassar i fjellet.

- Det er best for både den besøkjande og for oss med bestilling på førehand, men vi ligg tross alt i høgfjellet og strekk oss så langt som rå for å finne ei løysing for dei som kjem inn døra utan å ha bestilt, fortel Kvålshaugen.

Ekstra strenge rutiner på reinhald, begrensa kapasitet på overnatting og servering ved borda er elles tiltak iverksett ved Fondsbu for å møte koronaføringane.

Opplev Jotunheimen og høgfjellet i Vang

Ved sidan av Fondsbu og Tyinholmen er det også overnatting ved Bygdin høifieldshotell på andre enden av Bygdin-vatnet. Eller har Filefjellstuene god kapasitet på overnatting og Tyinkrysset fjellstue noko kapasitet. 

DNT-hyttene ellers i Vang finn du og bookar gjennom UT.no.

Denne guiden er for øvrig like grei sommar som vinter. Det er stort sett ledig på dei fleste plassar heile sommaren.

NB: No har også fisken verkeleg byrja å bite i høgfjellet. God sommar!