Rene Berg på Bøaflaten camping er vertskap for Fredagskos i juni. Lokal øl, ost og suppe står på menyen.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Fredagskos på Bøflaten

Fredagskos på Bøflaten

06. mai 2016

Grøntområdet på Bøflaten Camping vert arena for sumarens «Fredagskos» 3. juni. Ost frå andre sida av Vangsmjøsa og øl frå andre sida av åsen står på menyen, ved sidan av livemusikk og lokal vårsuppe.

– Området langs Bergsåne ned mot Vangsmjøsa er ei real perle og perfekt arena for ein Fredagskos, meiner Dag Inge Bruflot på arrangørsida i Innovangsjon.

For utan Bøflaten camping er Valdres Gardsbryggeri med husbandet «Dei Goe O’Mette», samt osteprodusenten Skutshødn DA og ei lokalprodusert vårsuppe med på laget denne kvelden.

Ost og øl

Den noko uvanlege kombinasjonen av ost og øl innleiar matgildet under fredagskosen.

– Ost og øl er ein mykje betre smakskombinasjon enn ost og vin. Når vi har produkt av ypparste kvalitet av båe slag i nærområdet er det artig å kombinere dette på ein fredagskos, seier Bruflot.

Ein av naboane til campingplassen er Egil Bjørsland, som tilfeldigvis også er bryggemeister hjå Valdres gardsbryggeri. Han stiller med smaksprøver på alt av øl til osten.

– Ølet frå Valdres Gardsbryggeri har så mange ulike smakar at skal du få med deg nokre tå dei lyt du ta deg tid til å halde ølet i munnen nokre sekund for at smaken skal nå sitt høgdepunkt, meiner han.

Ida Østvold i Skutshødn DA stiller med ost av fleire slag til smaksprøvene.

– Vi har klar den fyrste hardosten for sumaren til denne fredagskosen. Ved sidan av dette tek vi med modna ferskost, samt smøreostar med diverse urte-tilsetjingar, fortel ho.

Etter at smaksrunden er ferdig vert ei lokalprodusert «vårsuppe» servert, samt at tappetårna til Valdres Gardsbryggeri er opne heile kvelden. Dei Goe O’Mette syter altså for standsmessig musikk til det heile.

Alle er velkomne

Skog/strandområdet på Bøaflaten camping er altså arena for arrangementet som byrjar 19:30. Drivar Rene Van den Berg syter for fest-telt og sitjeplassar og stiller ellers alt campingen har å by på til rådigheit.

– Den som vil teste «bilringrafting i Bergsåne» eller nokre av dei andre aktivitetane vi tilbyr på campingen er hjarteleg velkomne til å koma litt før på kvelden for å varme opp til fredagskosen, fortel han.

Det har kome mange nye til bygda i det siste, og Innovangsjon er særleg ute etter at flest mogleg av desse skal ta turen.

– Vi ynskjer enkelt og greitt å dra flest mogleg av gamle og nye bygdefolk, hyttefolk og andre interesserte saman til ein skikkeleg sumarfest med godt innhald og i nydelege omgjevnader, avsluttar Bruflot i Innovangsjon.

Påmelding til kollega hallgrim@vangivaldres.no innan 30. mai.

Pris 200,–. (Dette dekker smaksprøver av ost og øl, vårsuppe og livemusikk)