Fullsizeoutput 15A9
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Haustprogrammet er spikra

Haustprogrammet er spikra

01. september 2021
Hausten er spikra og programmet er klart for Vang frivilligsentral og biblioteket. Her er det mykje spennande på planen!

- Hausten er spikra og vi gler oss til mykje spennande på planen, seier Marte Tangen, leiar ved Vang frivilligsentral. 

Haustens program på Vang folkebibliotek og Vang frivilligsentral sparkast i gong med ein heidundrane litteraturfest, som biblioteket arrangerer i samarbeid med dei andre Valdresbiblioteka.

- Litteraturfesten har eit rikhaldig program der litteraturen står i fokus, gjennom dei tre vekene, smiler biblioteksjef Marianne Riste. 

 

Hausttakkefest med Vinjerock 

Etter tre veker med litteraturfest har frivilligsentralen og biblioteket to samarbeidsprosjekt på planen. 

- Først ut er Hausttakkefesten som Vinjerock arrangerer den 25. september. Med lokalmarknad, foredrag og aktivitetar utanfor og inne i biblioteket. Og 8. oktober inviterer Frisklivssentralen til markering av Verdensdagen for psykisk helse, seier Tangen. 

- I haustferien blir det aktivitetar av ymse slag, og veka etter vil vi også sette fokus på leiken. Då ladar vi nemleg opp til årets TV - aksjon, der tema er Barn, ikkje brud, legg ho til. 

Årets haustutstilling byr på eit gjensyn med fotograf Erling Sand, som gjesta Vang for nokre år sidan til stor begeistring for mange. 

- Også Trio Gyllensvärd kjem tilbake med sin vakre musikk, smiler Tangen. 

Sist på hausten byr biblioteket og frivilligsentralen på vikingblot - eit føredrag med Ragnhild Lund og Jon Heimlid. 

- Vi avsluttar hausten med den tradisjonsrike bokkvelden med utdeling av årets positivpris, smiler Riste. 

 

Dei faste aktivitetane 

Nytt blant dei faste aktivitetane er at Oddbjørn Skeie inviterer til samspel på gitar kvar måndag kl. 15. 

- Her kan du kome om du vil lære deg å spele, eller jamme saman med andre, fortel Tangen. 

Teiknekollektivet held fram med sine teiknekveldar, annakvar måndagskveld. 

- Tysdagar blir det både lekseklubb og strikkekafé, og frå oktover satsar vi på å dra i gang både datakafé og språkkafé - om vi klarer å rekruttere ein gjeng med frivillige. Kanskje du vil bidra?, smiler Tangen.  

- Vi har framleis plassrestriksjonar, så om du vil sikre deg plass kan det vere lurt å melde seg på, seier Riste.  

Heile programmet lastar du ned her - og meir informasjon om det enkelte arrangement finn du på nettsidene valdresbiblioteket.no/vang og vang.frivilligsentral.no etter kvart som det nærmar seg.