Yvonne Mæland er styrar ved Høre barnehage som har ungar frå mellom anna Russland, Colombia, Etiopia og Somalia i barnehagen dette året.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Heile verda i Høre

Heile verda i Høre

17. september 2020

Fullverdig barnehagetilbod til borna på Vang mottakssenter i Høre barnehage er viktig på mange nivå. 

Fire dagar i veka vert ungane i barnehagealder ved Vang mottakssenter skyssa til Høre barnehage.



– Vi er glade for alle borna som er her i Høre og strekker oss så langt som råd for å gje dei ein god kvardag, fortel Yvonne Mæland.



Ho er styrar ved Høre Barnehage som tel 25 ungar denne hausten. Av desse er 12 frå Vang mottakssenter.



– Ungar er ungar for ungar


Det er born frå Russland, Colombia, Etiopia og Somalia i barnehagen no, utan at ungane bryr seg nemneverdig om akkurat det. 

– Vi ser det kvar dag at for ungar, er andre ungar berre ungar. Kvar dei kjem frå har ikkje noko å seie. Kommunikasjonen og samleiken er på plass med ei gang, fortel Mæland.

I Høre har dei store uteområde og høve for å nytte både gymsal og fleire ekstra rom i det pedagogiske opplegget. 

– Med alle restriksjonane sida mars har vi hatt god bruk for all plassen her i Høre då vi har delt i fleire grupper og brukt kvar våre delar av barnehagen utan at dette har vore noko stor praktisk utfordring.

Tett dialog

Tidlegare var det uvanleg at bebuarane på mottaket nytta barnehagen av fleire årsaker. No er det normalen at dei nyttar seg av tilbodet. 

– Vi har tett dialog med foreldra heile vegen der dei følgjer tett med på alt som skjer via MyKid-appen. Det er også eit ekstra foreldremøte med tolk til stade og det hender vi sender foto direkte til foreldra. Det er viktig for oss at dei føler seg trygge og eit bilete seier ofte det meste, fortel Mæland.

Medan borna er i barnehage kan foreldra gå på norskkurs og det verkar som ei god løysing for både foreldre og born.

– Vi får utruleg mykje trivelege tilbakemeldingar frå foreldra heile vegen. Samstundes er det at ungane kjem ut av drosja med eit smil om munnen og viser gjennom heile kroppsspråket at dei trivst og føler tilhøyre her, det aller viktigaste vi sit att med. 

Tidlig innsats

Det har kome nye reglar frå UDI som har opna for at born ved flyktningmottak kan byrje i barnehage frå eit års alder.

- Det å kunne koma tildleg inn i barnehagen gjev borna med innvandrarbakgrunn ein stor fordel med å kunne lære seg norsk tidligare, noko dei tek med seg gjennom oppveksten. 

Det er heller ikkje berre språkutvikling og ordforråd som er viktig, men og dei gode relasjonane som ungane får.

- At ungane får vener, kjenner at dei høyre til og er trygge her, er like viktig. Vi er ein barnehage med eit stort og rikt mangfold, med mange forskjellige språk, interesser og bakgrunnar. Spennande for både store og små, og vi er glade for å kunne ha det sånn, avsluttar Mæland.

Har du skift, varmt tøy eller uteklede liggande er det behov for dette inn mot vinteren. Har du klede, kontakt vang.mottak@heroeurope.com eller telefon 40001967.