Dei eldste ungane i Høre og Vang er av og til på felles aktivitetar. Her er dei i den nye aktivitetsparken i Vang.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Aktive barnehagedagar

Aktive barnehagedagar i Vang

09. desember 2018

Med felles aktivitetar og godt samarbeid er det bra trøkk i barnehagane i Vang om dagen.

– Vi har to velfungerande barnehagar med engasjerte tilsette, gode fasilitetar og aktive ungar fortel leiar for oppvekst, kultur- og intergrering i Vang kommune, Tommy-René Stordal.

Både Høre barnehage og Fredheim barnehage har variert pedagogisk opplegg og faste turdagar. Dei legg også opp til mykje felles aktivitet gjennom eit barnehageår.


– Til dømes i dag drog dei eldste i Høre opp til den nye aktivitetsparken i Vang og møtte gjengen frå Fredheim der. Gjennom vinteren er det planar om både svømming og klatring i Vangshallen, samt skidagar på Åsvang og Eggeåsen, fortel leiar i Høre barnehage, Yvonne Mæland Solemsli.

Kommunen har nemleg sett av ein god sum til drosjekøyring for barnehagane dette året som dei kjem til å få god nytte av.

Plass til alle

Ei stund i haust var det usikkert om det verkeleg var plass til alle som ville til Fredheim barnehage neste haust på grunn av for lite areal. Det synte seg imidlertid at mykje av arealet barnehagen nyttar ikkje var medrekna.

- Vi hadde ei runde med kommunelegen og fekk godkjent også dette arealet. Då er det plass til både alle som går der i dag, alle vi veit kjem inn neste haust og til tilflyttarar der i mellom, forsikrar Stordal.

Han legg til at barnehagen i Høre har tilnærma ubegresna areal både ute og inne og at strukturen på barnehagane i Vang ikkje er låst.

– Med nok ungar på plass til at det pegagogiske opplegget fungerer vil også barnehagen i Øye og på Åsvang kunne opne att.

Høre barnehage hadde open dag for foreldre med små ungar eller planar om små ungar i november - Fredheim har open dag frå 10-13 måndag 10. desember.

Sanserom i Høre

Det er den tidlegare skulen i Høre som er gjort om til ny barnehage, og dei tilsette veit å nytte seg av moglegheiten alt det gamle skulearealet gjev.

– Denne hasuten har vi mellom anna gjort om eit gamalt klasserom til eit sanserom. Her er alle detaljar kvite og det er både krabbetunnel, lys, huske frå taket, varmetepper, madrasser og puter, fortel Solemsli.

Barnehagen bruker rommet fast kvar veke til yoga og avslapping. Også andre kjem innom for å teste rommet. No til jul har dei gjort eit grupperom om til adventsrom der dei skal ha daglege samlingar i heile desember. 

- Elles ligg vi jo midt i naturen i Høre med store skoger og uteområde å boltre seg på.