- Det er alltid kjekt å ha nokon å ha det artig med! Også er dette eit etterspurt tilbod frå foreldre, seier sokneprest Ingebjørg Vik Laugaland.
For 1.-5. juli blir det nemleg arrangert sommarveke for ungdom i aldersgruppa 10-13 år, som eit sosialt tilbod for ungdommen. Sommarveka er eit samarbeid mellom kyrkja og kommunen, i tillegg har dei fått med seg to Superressursar!
- For oss er det kjempetriveleg å få vera med på dette opplegget og få lov til å bidra, smiler Thea Søndrol Nickelsen.
Kva vil du finne på?
Dette er fyrste gongen det vert arrangert ei slik type sommerveke for ungdom i Vang, og sjølv om nokre planar er lagt - er gjengen som arrangerer svært opne for innspill.
- Me har lyst til at dei som skal delta skal få lov til å bestemme litt kva me skal finne på. Kanskje dei vil gå på fjelltur, spele fotball, bade, dra på utflukt - me er opne for mykje, smiler Vilde Larsen, prosjektkoordinator Ung i Vang.
Larsen er ansatt i den nyoppretta stillingen som prosjektkoordinator for Ung i Vang. Ho skal blant anna vera med å skape møteplasser og aktiviteter for ungdom i bygda.
- Difor er jo dette heilt supert for meg å vera med på! Eg vil jo gjerne bli godt kjent med ungdommen, seier ho.
Fokuset denne veka er på det sosiale og det å ha det artig saman. Søknadsfristen for å melde seg på er 1. juni, og det er begrensa med plassar - så vær rask!
- Det er kun plass til 10 ungdom, og me fyller opp etter førstemann til mølla prinsippet. Det må væra minst fire for at me skal arrangere, seier Vik Laugaland.
Meld deg på til il597@kyrkja.no!
- No gler me oss veldig til å ha det kjekt ei heil veke saman med ungdommen, seier Frida Hippe Lunde.