Nyheit

Jotun Bygg treng fagfolk

  Nyheitsarkiv
30. sep 2015
  • Geir Morten Sveberg i Jotun Bygg ser etter ein kompetent person til å ta kontroll på kontordrifta i firmaet.
  • Ved sidan av snekker– og betongarbeid er også bedrifta einaste distributør i Valdres av arbeidstøy frå Blåkläder.
Mogleg medeigarskap på sikt

Med åtte mann i arbeid treng Geir Morten Sveberg i Jotun Bygg nye krefter inn i bedrifta. – Ein snekker med fagbrev som kan rekne på anbud, teikne og ta kontrollen på kontoret er det eg søkjer, fortel han. Gulrota er mogleg medeigarskap i bedrifta på sikt.

Byggjefirmaet som har halde det gåande sidan midten på nitti-talet har no fleire jern i elden enn noko gong før. Dei har prosjekt gåande i Vang og elles i Valdres, både åleine og i lag med samarbeidspartnarar. 


– Eg når ikkje over alt eg ynskjer å nå over, og med utsiktene for arbeid framover er det på tide å utvide arbeidsstokken med ein som kan ta kontrollen på kontoret, fortel Sveberg.

Det betyr rekning på anbod, teikning av mindre prosjekt, fakturering, lønnskjøring osb.

– Ein får eige kontor på Synshagen næringspark i Vang og vi kjem til å arbeide tett med meg. På sikt er det mogleg at den som no vert tilsett også vert medeigar i bedrifta. Draumen er ein person som kan tenkje seg å bu og arbeide i Vang i mange år, fortel Sveberg.

Sjølv ynskjer han meir tid til å følgje opp ute på dei ulike prosjekta bedrifta har om dagen. Han oppmodar alle som kan vera interessert i å arbeide for Jotun Bygg om å ta kontakt.

Sjekk stillingsannonsen!