Tone Marie Log har bakgrunn frå fleire Michelinnrestauranter og har no lansert handlaga sjokolade under merkenamnet «Sjokoladenoter».
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Ny sjokoladeprodusent i Vang

Ny sjokoladeprodusent i Vang

01. november 2020

Med djup pasjon for sjokolade og bakgrunn som dessertsjef ved fleire Michelin-restaurantar er Tone Marie Log det ferskaste tilskotet blant dei lokale matprodusentane. 

Sjokoladen er av høgste kvalitet og fyllet lagar eg frå botn av med fokus på reine smakar og gode råvarer, fortel Tone Marie Log. 

– 
Denne veka lanserte ho eigenprodusert sjokolade under merkenamnet Sjokoladenoter til lokalt direktesal og fleire Reko-ringar i Valdres og Innlandet. 

Reine smakar

Med den gjævaste sjokoladen importert frå Frankrike som utgangspunkt og eit breitt utval eigenkomponert fyll har responsen vore god så langt.



– Eg testa produksjonen nokre veker i Haugesund i vår der det vart levering av 1000 bitar på dei heftigaste vekene. 

Mjølkesjokolade og mørk sjokolade med fyll som mint, karamell, kirsebær, lakris eller pasjonsfrukt er mogleg å kjøpe no. I neste runde vert det også eit lokalt innslag med solbær frå Sørre Bøe i Vang.

– Både dei som er ekstra opptatt av sjokolade eller dei som vil unne seg noko ekstra godt får det dei ynskjer seg, og mange nyttar det også som gåver. Særleg karamellvarianten var ein storseljar i vår, og det blir spanande å sjå kva som slår best an her. 

Reko- og direktesal

Produksjonen starta opp denne veka, og perioden fram til jul er fyrste test på om dette er ein mogleg leveveg framover. 

- Eg har meldt meg inn som produsent i REKO-ringane på Beitostølen og på Fagernes, samt Dokka og Lillehammer i fyrste omgang.

Elles går turen sjølvsagt til julemarknaden i Øye og julemarknaden på Piltingsrud gard, pluss at ho testar ein pop-up-butikk i Vågå.

– Så har ein gardsbutikk på Geilo teke kontakt og sagt dei vil selje produkta hjå seg i førjulstida.

Startar bedrift

Med fleire år bak seg på ein- og tostjerners michelinrestaurantar ute i Europa flytta Log til Vang på starten av sommaren og har leia kjøkkenet ved Tyinkrysset gjennom ein travel og vellukka sommarsesong.  

– Akkurat no no er målet å starte foretak og bygge bygge opp fulltidsarbeid av sjokoladen. Men sjokolade er ei kostbar råvare og produksjonen er temmeleg tidkrevjande, så eg håpar verkeleg folk er villige til å betale litt ekstra for høg kvalitet.

Sjokoladen vert produsert på eit industrikjøkken på Sparstad der ho også bur. Vil du sikre deg sjokoladen uten å ha høve til å reise på ein av markandene kan du avtale kjøp direkte me Tone Marie. 40048909 // tonemarielog@gmail.com