Det er to gapahukar i Grindafjell ski sitt løypenett som fungerar som flotte og trygge turmål for skituren denne påska.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Påskeguide for Vang

Påskeguide for Vang

26. mars 2021
Her er guiden til opne tilbod og aktivitetar i Vang denne påska.

God påske til alle gjester og fastbuande denne påska! Nyt det som kan nytast og hald deg innanfor både nasjonale og lokale retninglinjer.

Desse er mellom anna krav om bruk av munnbind i butikkar, bibliotek, serveringsstadar, kollektivtransport, taxi og innandørs arrangement, samt tydelege avstandsreglar i skiheisanlegg. 

Kommuneoverlegen i Vang på Facebook informerar godt om kva som til ein kvar tid gjeld. Det same gjer Vang kommune på sine sider. Elles syner vi til nasjonale retningslinjer og råd.

Opne tilbod

Tyin-Filefjell skisenter er ope alle dagar frå 10-16:30. 30.mars og 01. april ope til 18:00.
Raudalen alpinsenter er ope alle dagar frå 09:30-16:30
Tyinkrysset Fjellstue er oppe alle dagar frå 13-19. Også take away.
Mjøsvang kafe har vanlege 11-19 kvardagar og 12-19 i helg.
Saras mat har ope 11-19 man-ons. 12-18 tor og fre. Ellers kan pizza bestillast 12-21 lan-lør.
Mormors skatter held ope laurdag og tysdag.
Intersport Filefjell følgjer vanlege opningstider

Byggvare, matbutikkar og bensinstasjoner er opne som vanleg - hugs munnbind, avstand og berre ein frå kvar familie inn. 

Inne i høgfjellet er Tyinholmen ope for mat og overnatting. Som dagsgjest er det uteservering på terrassen som gjeld. Dei sjølvbetjente DNT-hyttene kan bestillast til fastpris, mens Fondsbu, Eidsbugarden og Bygdin held stengt.

Aktivitetar

Det er lett å trekke fram ski denne påska. Det ligg an til greit skareføre i høgfjellet og særs gode moglegheiter for både langrenn, alpint, topptur og fjellskiturar. Her er ein parkeringsguide for skituren!

Kanskje er dette påska du skal få testa isfiske? Intersport Filefjell har utstyret som trengs og fiskekort til sals.

Elles ligg det an til snøfritt både ved skateparken ved Vbu i Makkenparken på Mjøsvang, kunstgrasbanen ved Tveit og ballbingen i Ryfoss. Rusletur, bål, solgrop eller søledam - alt er mogleg. 

Manglar du utstyr er både Intersport Filefjell, Tyin-Filefjell skisenter eller Bua i Vang plassar å leie, låne eller kjøpe utstyr for uteaktivitet

Arrangement

Skjer det naturleg nok særs lite av.

Kyrkjene er opne slik:

  • Palmesøndag 28. mars kl. 13.00 – 14.00: Heensåsen kyrkje
  • Skjærtorsdag 1. april kl. 19.00 – 20.00: Høre stavkyrkje

Mens dette vert streama på kyrkja si facebookside:

  • Langfredag 2. april kl. 12.00: Musikk og lidingshistoria.
  • Påskenatt 3. april kl. 23.00
  • 1. påskedag 4. april kl. 11.00

Den som ynskjer å utfordre seg på langrenn kan prøve seg på Filefjellrennet si stravakonkurranse.