Takka være regionalt samarbeid og koordingering via Valdres Natur- og kulturpark får fleire grender i Vang no breiband.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Saman om fiber

Saman om fiber

10. juni 2020

Fleire grender i Vang kan no bestille fiber etter eit regionalt samarbeid om utbygging av breiband.

Øye, Vennis, Remmisgardane, Hensgardane, Neset, Kjørlien og Høre kan legge inn bestilling no, mens delar av Liagardane kan bestille neste år, kan vi lese på den nye kampanjesida for regional fiberutbygging. 

I dette kartet er dei lyserosa felta som no er opne for bestilling. Gult skjer neste år og brunt seinare. Alt anna er allereie bygd ut og ein kan leggje inn bestilling på vanleg måte frå leverandør.

Eksempelvis er Eidsiva på plass i dei mørkare rosa områdene, samt i Ryfoss og Vang sentrum.

Noko står att

Strønd i Øye, området på vestsida av Vangsmjøse mellom Øye og Vang, Kvamsrone og deler av Kviismoen og Liagardane er på vent.

Ordførar Vidar Eltun meiner full dekning ved utgangen av 2023 er på skothald. Også regionalt meinar dei dette er innanfor, og ein satsar på å opne for bestilling i 2022.