Kjell Arne Dalåker treng både kontormedarbeidar og montør til bedrifta si.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Treng montør og kontormedarbeidar

Treng montør og kontormedarbeidar

09. september 2015

Elektrisk installasjon AS søkjer både kontormedarbeidar og montør. – Det er såpass mange oppdrag om dagen at vi treng fleire folk for å nå over alt, fortel dagleg leiar Kjell Arne Dalåker. 

Elektrisk installasjon AS er ein av dei tradisjonsrike handverkarbedriftene i Vang. Starta opp i 1978 med kontinuerlig drift sidan. Mangt eit hus, driftsbygning eller hytte i Vang og nabokommunane har anlegget sitt installert av Dalåkar og kompanjongane, og no er det altså på tide å utvide med to nye tilsette.

– Båe stillingane er hundre prosent. Det kan faktisk vera rom for to montørar om den rette kandidaten melder interesse. Eg kan også hjelpe til med husvære, fortel Dalåker.

Søknadsfrist er 20. september - men ikkje vent med å kontakte Kjell Arne om du er interessert i jobben. (Tlf: 416 09 478)

– Lyt ha ordenssans

Det er få formelle krav Dalåker set til kontormedarbeidaren, men er er ein fordel om ein er god på data og økonomi.

– Det aller viktigaste er at personen er eit ordensmenneske som kan ta kontrollen på kontorarbeidet for heile bedrifta, fortel Dalåker.


Firmaet nytter rekneskapsprogrammet Visma, og har ellers både kontorlokale og datautstyr på stell.

Minst ein montør

I dag er dei to til tre montørar i sving hjå Elektrisk installasjon. Med fleire store prosjekt på gang, og arbeid både i Lærdal, på fjellet og i Vang, er det stort behov for montørar.

– Det trengs minst ein og kanskje to montørar. Helst bør ein ha sertifikat gruppe L. Altså kunne svakstrøm og ha erfaring med installasjonar. Det er ikkje eit minus om ein også kan litt om varmepumper, seier Dalåker.

Han tilbyr lønn etter avtale, eigen arbeidsbil og hjelp med å skaffe bustad.