01B74524 AF57 4B62 8009 5B0EDF6A42BF
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Vil gjenta Stolpejakt-suksessen

Vil gjenta Stolpejakt-suksessen

30. mai 2022
Snart går startskuddet for en ny sesong med Stolpejakten på Tyin-Filefjell! Denne gangen er det 100 stolper å bryne seg på i det vakre og varierte fjellområdet.

- Det er ei stor glede å endeleg få starte opp att med Stolpejakten, etter fjorårets suksess. Det er eit utruleg flott lågterskeltilbod for både lokale, hyttefolket og tilreisande, smiler Torstein Grøv, leiar i Tyin IL. 

I månadsskifte mai/ juni brakar det altså laus igjen, og denne gonen har idrettslaget samarbeida med Tyin-Filefjell Orienteringsklubb om både kart og stolper. 

- Me ser det som vinn-vinn at også turorienteringsklubben får vera medarrangør på årets Stolpejakt. Dei er godt kjent i området og har fått 50 stolper å plassere ut, samt laga kart. I tillegg kan dette kanskje gje nye medlemmar til orienteringsklubben, seier Grøv. 

 

Vil at folk skal bli kjent i området 

Fjorårets Stolpejakt på fjellet vart ein stor begivenhet for mange, både fordi det genererte stor turtrafikk i området, men og fordi mange vart kjent på ein heilt anna måte. 

- Når ein scanner QR-koden på stolpen får ein opp bilder og historier fra før i tida. Me ynskjer at folk skal bli kjent i området dei går i og at dei skal få eit betre innblikk i korleis det var her før, seier Grøv. 

- Me fekk mange gode tilbakemeldingar på dette i fjor, spesielt fra hyttefolket som hadde blitt kjent med området rundt på ein heilt anna måte. Det gir jo og ein tilhørigheit å bli kjent, legg han til. 

Etter fjorårets svimlande 25.000 treff, ynskjer no arrangørane å setje seg eit litt hårete mål for denne sesongen. 

- Me håper jo å kunne doble antall treff, og komme oss opp i 50.000 treff i løpet av sommaren. Det er litt hårete, men eg trur absolutt det er mogleg, smiler Grøv. 

 

Opplever fjellet på en ny måte 

For første gang skal også Tyin-Filefjell turorientering vera med å arrangere Stolpejakten. Med mange års erfaring og fleire kart i området, har orienteringsklubben god oversikt over ulike innsjekkspunkt. 

- Me tok kontakt med Torstein etter Stolpejakten i fjor, og foreslo at me kunne prøve å arrangere saman. Fleire av våre sjekkpunkt var på samme stader som Stolpejakten, og me tenkte difor det kunne vera fint å kombinere, seier Elin Sjødin Drange, leiar i Tyin-Filefjell turorienteringsklubb. 

Orienteringsklubben er i dag kanskje ei av Noregs minste klubbar, med rett i overkant av 20 medlemmar frå hyttegrendene i Tyin-Filefjell området. Dei har fått 50 stolper til rådighet, og kjem til å sette dei ut på vanlege orienteringpunkter. 

- Våre stolper blir på mange av dei vanlege punktene me bruker, og det blir difor litt meir krevande å komme seg til desse stolpene. Nokre av dei vil sjølvsagt ligge enklare til, forsikrar Sjødin Drange. 

Ho fortel at orienteringsklubben gler seg til sesongen og er spent på korleis denne ordninga vil fungere. 

- Me håpar jo at det kan bidra til at endå fleire bruker området på fjellet, og at det vil bidra positivt inn til både butikkar, serveringssteder og overnatting. I tillegg er det jo artig om fleire får augene opp for orienteringsklubben, smiler leiaren. 

- Så kan me garantere at nokre av punkta ligg på stader mange aldri har vore tidlegare, så er her det berre å hive seg rundt å bli med, ler Sjødin Drange.