Elisabeth Ruud tilbyr yoga for både menn og kvinner på Åsvang samfunnshus torsdagar i haust.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Yoga, sykkel og afrikansk dans

Yoga, sykkel og afrikansk dans

07. september 2020

Det spenner frå yoga og klatring til gåturar og lekseklubb. Alle kan finne sine arenaer i Vang denne hausten.


Dei aller fleste har rulla i gang med dei vanlege tilboda denne hausten, ofte med nokre restriksjonar på folk og nye rutinar på reinhald. Men det er også nokre nyhende i kalenderen.

– Elisabeth Ruud har over tretti års erfaring og køyrer yoga for både karar og damer på torsdagar denne hausten. Det vert også afrikansk dans der Tellewoyan Jeba stiller med trommene, fortel kommuneoverlege Marit tuv som har stått på for å få til det nye tilbodet.

Tider frå og med torsdag er 1530-1630 Afrikansk/Afro dans. 1640-1740 Yoga mann. 1750-1850
Yoga damer. 15x KR 2000,- med påmelding til 95757381.

Av andre nye tilbod i haust er sykkeltrening i Makkenparken og på Vbu på torsdagar. 

Alt som skjer ligg i kalenderen her på vangivaldres.no. Veit du om faste aktivitetar eller arrangement som ikkje ligg her? kontakt hallgrim@vangivaldres.no.

Frisklivsentralen med nye tilbod

Mona Wiik Jonasen er ny leiar av Frisklivsentralen i Vang. Ho har både justert på nokre av aktivitetane for hausten, samt at det er kurs på gang.

– Vi har lagt opp balansetreninga til å passa noko betre for eldre, mens sirkel- og styrketrening på Vbu passer for unge, vaksne og spreke eldre. Elles passar aktivitetane våre for alle som ynskjer å vera meir i aktivitet, uansett kva form dei er i, fortel ho. 

Det er berre å møte opp på alle aktivitetane. Ein kan sende e–post til mona.wiik.jonassen@vang.kommune.no  eller ringe på 957 45 180 om ein har spørsmål. Dei neste vekene er det også eit nytt kurs på gang.

- Det vert Bra Mat-kurs over fire kveldar i haust. Det er eit samarbeidsopplegg med Vestre Slidre og tek for seg dei gjeldande råda for kosthald og gjev nyttige tips om korleis ein nyttar dette i kvardagslivet.

Kursøktene blir 14. og 21. oktober og 4. og 18. november på Høre samfunnshus med påmelding til frisklivsentralen.


Elles nemner vi at det ligg an til høg aktivitet på Vang folkebibliotek og Vang frivlligsentral. Dei slapp programmet sitt førre veke.