Det er eit samla Vang som står saman om den nye kampanjen! Her bidreg både hyttefolk, bygdefolk, næringsdrivande, kommunen og andre.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Handelskampanje ut året

Handelskampanje ut året

23. april 2020

Legg at kroner hjå dei næringsdrivande i Vang - sikre deg eit tilbod i framtida, varer av beste kvalitet og eit Vangsminne for livet. 



– Dette er tida for å handle! Anten det er snakk om mat, opplevingar, ferie eller varer har vi eit solid utval i bygda som både vi vangsjgjeldingar og fritidsgjester kan nytte i endå større grad, seier ordførar i Vang, Vidar Eltun.

Difor har kommunen i lag med eit samla næringsliv, engasjerte hytte-eigarar og Innovangsjon  drege i gang ei lokal handelskampanje.

– I korte trekk går kampanjen ut på å gjennomføre 15 større handlar hjå lokale bedrifter i løpet av 2020. For dette får du litt ulike ting alt ettersom kvar du har brukt pengane, mens hovudpremien er ein kaffikopp produsert i begrensa opplag.

Eltun understrekar at sjølve koppen er underordna her og at det å bidra til bedriftene og få betre kjennskap til alle tilboda i Vang er hovudprioritet. Samstundes ser han på koppen som såpass gjev at han sjølv står lang fram i køa for å sikre seg ein.

- Denne skal vera eit eksklusivt minne til alle som vangsgjeldingar og hytteeigarar strakk seg litt ekstra for sambygdingar i ei krisetid. Me bestiller 100 stk, men kjem vi i den situasjonen at det går ut 100 koppar i løpet av året så skal vi jammen få designa opp ein versjon to og bestille 100 til, forsikrar Eltun.

Kampanjereglar

For å lande koppen lyt du gjennomføre 15 kjøp hjå næringsdrivande i Vang (vi tel ikkje med ordinær daglegvarehandel. Lokalmathandel i daglegvarebutikk er med). Det er også nokre underkategoriar som sikrar meir innhald i koppen.

Fem kjøp - Lokalmat eller lokalt design/handverk  – Valdres-pin
Fem kjøp - Varehandel inkludert bygghandel, hytte, frisør, velvære, sport – Vang-pin
Fem kjøp - Restaurant, kafe, overnatting og opplevingar  –  Bonuskopp Valdres Sparebank

Registrer 15 kjøp her 

Du kan dokumentere med lenker til sosiale medium, opplasting av produktbilete eller kvitteringar - eller gjennom fritekst. Vi stoler på deg! Alternativt sender du ein e-post til hallgrim@vangivaldres.no med dokumentasjon.

Kampanjen varer ut 2020 og vi oppmodar samstundes alle som deler foto på Instagram om å nytje #vangivaldres.


Sjekk også ut kampanjen «småjobber i hytte og hus».

– Du gjer ein forskjell

Ordføraren er heilt overtydd om at ei samanslutning av bygdefolk og hyttefolk kan gjera ein forskjell for dei næringsdrivande i tida som kjem.

– Kjøper du sykkel hjå Intersport Filefjell eller kappsag hjå Montér Kvismo er du sikra god service om noko skulle skje, samstundes som du får ein konkurransedyktig pris og bidreg til å koma over likviditetskrisa som brått kom. Her kan alle gjera ein forskjell og kjøpe i bygda det som er å oppdrive i bygda.

Han har også ein ambisjon om å tømme lagra for lokalmatprodusentar og auke ordreboka for alle som driv innanfor turisme og oppleving.

- Maten er av høgare kvalitet, historia er betre og kjennskapen til både folka og verdikjeda er vel verdt å betale for. Elles er opplevingar det beste du kan gje nokon du er glad i og noko som inneheld mat, overnatting eller guiding i fjella i Vang lyt vera eit godt prov på omtanke!