Nyheit

Teknisk ukeblad ser til Vang

  Nyheitsarkiv
18. nov 2020
Tor Martin Iversen (Vang Energiverk, tidlegare Siemens Norge) og Ingeborg Lunde (Vang kommune, tidlegare Småkraft AS) tok eit bevisst val om Vang for nokre år sidan.
To ingeniørstillingar ute no

«Bygda som knakk kompetansekoden» er tittelen på ei større reportasje om ingeniørar i Vang i nyaste utgåva av Teknisk ukeblad

Seks ingeniørar i ulike stillingar som har kome til bygda dei siste åra er å treffe i reportasjen. Ingeborg Lunde og Tor Martin Iversen er to av dei. 

«Da dattera vår, Kjersti ble født, så ble vi mer opptatt av å finne en base som var heime, og nærere aktivitetene vi er glade i å drive med, så vi slapp å bo i en bag mellom hver helg. Drømmen for oss begge var å finne et sted hvor vi kunne tenne bål og slå opp telt i hagen, og klatre og gå på ski rett utenfor døra. Det var da vi begynte å lage lister over hvor vi kunne tenke oss å bo, med plusser og minuser for hvert sted,» er noko av det dei sier i reportasjen.

Med 150.000 abonnentar er Teknisk Ukeblad i lag med nettsidane deira TU.no og karriere360.no den viktigaste plattformen ut mot ingeniørar i Noreg. At dei ser til fjells meiner næringsutviklar i Innovangsjon, Dag Inge Bruflot, er både smart og naturleg. 

– Teknologien jobbar for Bygde-Noreg, og på eit særleg høggir det siste halve året. Det er fullt mogleg å snikre saman livet sitt med den bustaden ein drøymer om, kontroll på økonomien, aktiv fritid, gode oppveksttilhøve og ein jobb med både nasjonale og internasjonale kundar ut frå basen i Vang. Det ser vi allereie gode døme på.

To stillingar ute no


Det har vore jamn rekruttering av ingeniørar til Vang dei siste åra både til privat næringsverksemd, kommune og E-verk. Samstundes har til dømes E-verket og fleire andre satsa bevisst på lærlingar. Akkurat no er det to relevante ingeniørstillingar ute. 



– Dette er interessante og viktige jobbar på kvar sin måte med trygge arbeidsgjevarar og godt miljø, meiner Bruflot.

Rigga for etablering


Ein treng ikkje vente på fast jobb for å velje Vang. Tilhøva for å starte eigen verksemd eller ta med seg eksisterande arbeid til Vang er dei aller beste. 

– Vi har to spanande miljø via Synshagen næringspark og Kontorfellesskapet 1724 der ein kan drive godt frå fyrste dag eller verkeleg satse på byggje opp noko nytt. Vi følgjer tett opp alle initiativ kring etablering av ny bedrift eller vekst i eksisterande bedrifter, fortel næringsutviklar Bruflot. 

Vang har lokale midlar til grunder– og næringsstøtte, samt at oppfølging og dialog med verkemiddelapparatet er tett. I sum meiner Bruflot det også er forretningsmessige grunnar for større selskap til å etablere seg utanfor dei store byane. 

– Eg meiner bestemt at dei tunge ingeniørmiljøa i aksen Oslo-Kongsberg, Trondheim eller Raufoss har mykje å tene på satellittar ein plass som Vang der ein kjem tettare på marknadane ute i distrikta og får fornøgde tilsette som er der dei vil vera.  

Han understrekar også at Vang og Valdres allereie har eit miljø for ingeniørar med ulik bakgrunn som gjev moglegheit for rekruttering av spesialisert arbeidskraft også lokalt.

Breidde i bustadmarknaden


Nest etter arbeid, er bustad og oppveksttilhøve det folk ser etter for val kvar ein skal busette seg. Med full barnehagedekning, landets råaste skule og tett mellom aktivitetane er mykje på stell. 

No er ein på veg også mot eit enklare bustadmarknad etter at både private og kommunale initiativ nærmar seg marknaden. 

– Både Fjellheim panorama og Klukkargrende sikter seg inn på å levere nøkkelferdige bustader. Også i Vang sentrum nærmar det seg moglegheiter for bustadutvikling, mens nye kommunale tomter i Ryfoss kjem i sal i løpet av våren. Kombinert med alle tomter som ligg klare, objekt til sals, satsing på gardar og småbruk får vi fornuftig breidde på bustadtilbodet i Vang, fortel Bruflot.

Vang i Valdres

Fjellkommunen Vang ligg ved sørenden av Jotunheimen og byr på den greie kombinasjonen av «vestlandsfjell» og «austlandsklima». Dette er heimen til fjellfestivalen Vinjerock, to tamreinlag, to skisenter, 1600 innbyggarar og nesten like mange hytter. 

Kommunen har sjølvsagt full barnehagedekning, mens skuleelevane er samla på splitter nye Vang barne- og ungdomsskule. Her er eit topp moderne skuleanlegg med fleirbrukshall, klatrevegg, kulturskuleavdeling og terapibasseng. Kombinert med fornuftige klassestørrelser, kompetent lærarstand og ei bevisst satsing på friluftsliv i skulen er oppvekst-tilhøva i Vang på stell tørr vi påstå.

Bygdeutviklingsforetaket Innovangsjon SA jobbar breidt med næringsutvikling i Vang og er elles tett på ei aktiv fjellbygd.

Treng du jobb eller vil starte for deg sjølv tek du kontakt med næringsutviklar Dag Inge (daginge@vangivaldres.no//95873757).

Ser du etter plass å bu eller folk å henge med tek du kontakt med Innovangsjonsminister Hallgrim (hallgrim@vangivaldres.no//41222769).

Sjekk gjerne ut denne nettsida for meir om livet i Vang. Elles vi tett på bygdelivet på Facebook mens både kanalen @vangivaldres og #vangivaldres lev godt på Instagram.