«Huga på gard»

«Huga på gard»

«Få fleire følk hit, litt um sen, på tomme bruk, i kvar ei grend»  er målet «Huga på gard» jobbar etter i Vestre Slidre og Vang.

Hovudprosjektet over tre år er no avslutta - les deg opp om det som har skjedd her (kjem) 

Det har skjedd og skjer såpass mykje bra at prosjektleiar Anne Live jobbar vidare i ei bittelita stilling for å halde pågåande prosessar i gang. Det betyr at ho bruker tida si på eigarar av gardar i Vestre Slidre og Vang - og berre det.  

Har du tankar om sal eller utleige av garden du eig? Ta kontakt med Anne Live G. Garvik på e-post eller telefon: annelive.garvik@gmail.com // 95936189. Ho er framleis ein gratis ressurs for eigarar av bruk. All informasjon behandla konfidensielt.

Alt som går på kjøp eller leige av bruk, samt anna relevant for prosjektet, tek daglegl leiar i Innovangsjon,  Hallgrim Børhus Rogn, seg av:  hallgrim@vangivaldres.no // 41222769

Kontaktpersonar

Anne Live Garvik
Anne Live Garvik driv mjølkegard på vestsida i Lomen saman med mann og tre barn. Ved sidan av dette jobber ho som leiar for det treårige prosjektet i Vestre Slidre og Vang med mål om busetjing på tomme gardsbruk. Anten du vil leige ut bruk, selje gard, eller du drøymer om å bu på småbruk, er Anne Live dama å kontakte. TLF: 95936189

Send e-post

Hallgrim Rogn
Med eit stort hjarte for Vang, Valdres og Bygde-Noreg jobbar Innovangsjonsminister Hallgrim Rogn kvar dag for å bidra til at Vang fungerar best mogleg på flest mogleg nivå. TLF: 412 22 769

Send e-post