Vangshallen (6 of 18).jpg
Framsida Arbeid og bustad Enkel kvardag Skule

Skule

Frå hausten 2016 er alle grunnskule-elevar i kommunen samla på Vang barne- og ungdomsskule (Vbu). Her går om lag 200 elevar under same tak og aller høgste kvalitet på både bygningsmasse og lærarstab. 

Vang satsar stort på oppveksttilhøve noko 140-millionarsprosjektet med nye Vbu er det sterkaste provet på.

Skulen har topp fasiliteter for kultur og fysisk aktivitet både innandørs og utandørs. Vi lyt trekke fram fleirbrukshall med klatrevegg, symjehall med terapibasseng, ein storslått foaje og topp moderne undervisningsrom som særleg stas.  

Meir informasjon om Vang barne- og ungdomsskule finn du på Vang kommune sine nettsider.

Grunnskulen i Vang har rykte på seg for å vera av høg kvalitet.  Vang kommune bruker langt meir ressursar per elev enn det som er normen i Noreg for at alt skal ligge best mogleg til rette for ein god skulekvardag. Ikkje berre fagleg utvikling er i fokus, det er og ei langsiktig og bevisst satsing på friluftsaktivitetar gjennom prosjektet Fri-Nat i Vang. Det betyr at alle elevar har vore både på rafting, fjellturar, skiturar og ein heil haug andre aktivitetar i skulens regi.

Skulen har til og med eigen facebookside. Ellers svarar både rektor og etatssjef på det du måtte lure på om skuletilbodet i Vang.

Bildegalleri