Everket (6 Of 6)
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Lærling i Vang: Kristian og Ole i Vang energiverk

Lærling i Vang: Kristian Opdal (18) og Ole Høyme Einang (21) i Vang energiverk AS

13. november 2020

Variert utearbeid og godt miljø lokka Kristian Opdal og Ole Høyme Einang til Vang energiverk for læretida si.

– Ein lyt vera glad i å vera ute. Er det på plass, så er energimontør absolutt rette vegen å gå. Læretida har vore både interessant og artig med særs varierte oppgåver, fortel Kristan og Ole. 

Dei er to av totalt fire lærlingar i E-verket for tida. Ole er straks ferdig med læretida si, mens Kristian starta no i sommar.

– E-verket er gode på lærlingar og har alltid mykje å gjera. Det er heile vegen sånn at alle tek seg tid til å svare på det som dukkar opp av spørsmål, fortel karane.

Anbefaler andre

Etter ungdomsskule i Vang byrja båe på Vg1 elektro før det vart Vg2 elenergi på Valdres Vidaregåande skule på Leira. Etter ein søknad til E-verket om lærlingkontrakt og ei runde med intervju var læreplassen i boks.

– Foreløpig er dette absolutt noko å anbefale andre. Det er ein fin og sikker jobb, fortel Kristian. 

Han har stort sett arbeida på eit større prosjekt med ny straumlinje opp til Midtre Syndin sidan han starta i sommar, men han har også vore innom Slettefjell, Ryfoss og Tyin-Filefjell. Snart vert det også mykje arbeid med tunellbygginga gjennom Kvamskleiva.

– Med såpass store prosjekt på gang og elles omfattande nett å halde ved like vert det mykje å halde på med i læretida.

– Vårt bidrag

Ved sidan av Ole og Kristian er Vegard Eltun og Vetle Bjørsland Svingen lærlingar hjå Vang energiverk no.



- Dette er vårt bidrag til dugnaden for fornying og oppretthalding av kompetanse i bransjen. Vi ser ein utvikling der mange bemannar ned og leier inn det ein treng av mannskap spesielt til nybygging, men også til drift av nettet, fortel dagleg leiar ved Vang Energiverk AS, Tor Masdal. 

Han fortel om eit godt løft internt i bedrifta på IT-kompetanse og HMS-fokus ved å bevisst blande godt erfarne montørar med nytenkjande ungdom. Dette er viktig i ein kvardag der nettdrift går meir og meir mot digitalisert styring og overvaking. At dei satsar lokalt på lærlingar er heller ikkje heilt tilfeldig.

- Vi prøver å halde oss med lærlingar med lokal tilknyting for å trygge ein stabil arbeidsstokk. Uavhengig av det anbefaler vi alltid at lærlingane søker utfordringar utanfor Vang etter læretida. Ein veks på også å sjå kva andre gjer og tenker både i og utanfor jobb.

Bestått fagprøve

Ole er straks ferdig med læretida si var oppe til fagprøve denne veka med arbeid gjort på ei endemast og ein nettstasjon oppe ved Tørpestølane. Det endte med «meget vel bestått», som også fleire andre lærlingar har fått dei siste åra.

– Eg var jo sjølsagt litt nervøs, og har sett litt ekstra på forskrifter og litt anna denne veka. Men eg følte meg trygg på at arbeidet som var lagt ned var solid, og eg er særs godt nøgd med bestått fagprøve og tilbakemeldingane på den! 

Kva vegen går vidare er han ikkje heilt sikker på, men han har i alle fall ingen planar om å bytte fagfelt.

– Det kan verta eit engasjement i E-verket her eller fast stilling i eit anna nettselskap der eg trivst å jobbe. Gjerne eit med stort linjenett i så fall. 

Kva er beste minne får læretida som snart er over?

– Det kunne vore mykje, men lyt eg velje noko er det jo stas å få bruke ein flott vinterdag til fjells for inspeksjon av linjenettet med skuter.