Vidar Wangensteen, dagleg leiar i Elektromontajse AS og Synshagen næringspark saman med John Myhre, dagleg leiar i Vang Bygg AS. Båe har travle dagar både på vegne av eigne bedrifter og heile næringsparken.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Høgt tempo i Synshagen

Høgt tempo i Synshagen

11. november 2020

Etter ein god sommar og haust for bedriftene ved Synshagen næringspark har det vorte ekstra travelt dei siste vekene etter at Hæhre har etablert seg i næringsparken i høve utbygginga av Kvamskleiva. 

– Det vert full fart her i to og eit halvt år no i alle fall. Det er omgjengelege og dyktige folk, så det skal nok bli bra, seier Vidar Wangensteen, dagleg leiar ved Synshagen næringspark. 

Der har Hæhre altså leigd både den siste kontorkapasiteten, samt alt av møterom dei siste vekene. I anleggsperioden for Kvamskleivatunellen vert det både kontorbygg, overnatting og kjøkenrigg på tomta.

Byggjestart på desse installasjonane har imidlertid latt vente på seg fordi eit av bygga vert på dyrka mark, noko som har ført til ein del ekstra sakshandsaming. Den delen av arealet på dyrka mark, som nå skal nyttas til brakkerigg, blir tilbakeført og vil bli i betre stand i etterkant som fylgje av drenering og anna. 

– Situasjonen har no løyst seg og grunnarbeid for å få opp riggane er i gang, nokre veker på etterskot , fortel John Myre, dagleg leiar i Vang bygg.

Plass til fleire 

Straum, vatn, avløp, fiber og vassboren varme har vært på plass siden oppstart i 2009 og har god kapasitet. Før Hæhre kom no var det så godt som fullt på Synshagen og planen er at det også vert fullt hus etter at tunnelen er ferdig og Hære har reist vidare.


– Vi kan ha plass til mindre aktørar her på bygget, men er det ein større aktør så ønskes også dei
velkommen, seier Wangensteen.

Både Wangensteen og Myhre fortel om ein kultur i næringsparken der bedrifter både konkurrerer og samarbeider på ein god måte.

– Det er ei stund sidan nokon har starta nye bedrifter i direkte konkurranse med oss som er her, og ærleg talt ser vi berre lyst på fleire aktørar inn. Det kan både vere firma som liknar på våre, meir spesialiserte firma eller konsulentfirma. Poenget er at det er plass til meir næring i Synshagen på sikt.

– Det beste som har skjedd

Arbeidet med å samle fleire næringsaktørar i ein privat næringspark i Synshagen starta tilbake i 2008. Mange av dagens leigetakarar har vore med sidan starten, mens andre har kome til etter kvart. 

– Heilt ærleg trur eg utbygginga i Synshagen er noko av det beste som har skjedd for næringslivet i Vang. Vi gjer kvarandre gode og samarbeider på ein heilt annan måte enn om vi hadde jobba ut frå kvar vår garasje, fortel Wangensteen.

Ikkje berre har ein skapt eit miljø som saman er langt sterkare enn kvar for seg. Ein har også syta for at kundar som vel lokalt har god arbeidsflyt i prosjekta sine.



– Kunden opplev som regel enkle byggjeprosessar med lite behov for byggeleiing. Det er jo også sånn at om kunden er misfornøgd med det ein av oss leverer så går det ut over dei andre på eit vis, så ein strekk seg langt for at kunden skal vera nøgd. 


Per er i dag er Elektromontasje AS, Vang Bygg AS, Ingridesign, Landskapsarkitekt Mlna Ingrid Skavhaug, Jotun Bygg AS, GK Data, Vang Grave og Transportservice AS, Grindaheim bygg og restaurering, Vang økonomiservice AS, Vang avløysarlag, Tyin VVS AS, Vang rør AS, Vang maskin AS og Vang Auto-Service AS inne som leigetakarar. 

Trua på 2021

Denne hausten og starten på vinteren  har vore travel for alle aktørane i næringsparken.


– På veldig kort sikt er det nesten for mykje. På litt lenger sikt ser det også greit ut med tanke på vinterarbeid. Eksempelvis dreg nybygget hjå Vang Auto-Service AS med seg mykje arbeid, fortel Wangensteen. 

Det er per no ikkje skreve kontrakt på mykje arbeid frå neste sommar, men båe har trua på eit godt 2021.



– Tomtesalet i Grindafjell har gått bra i år og det ligg an til mykje å gjera der til sommaren. Samstundes har det vore mykje nybygging av bustader ei periode som det kan sjå ut som held fram. Det har og vore ein del kommunale prosjekt dei siste åra og vi håper på god og tidleg informasjon om det som er på gang sånn at vi kan vurdere desse prosjekta også framover, fortel Myhre. 

Samstundes håper båe på at motoren på Tyin-Filefjell begynner å jobbe på høgare gir att til det beste for heile bygda. 

- Det er klart at ein lyt koma i mål på Tyin-Filefjell så fort som råd sånn at både kommunen og andre som har lagt ned store summar og innsats i infrastruktur dei siste åra kan få att noko for det.