_DSC8554-Edit.jpg
Framsida Arbeid og bustad Enkel kvardag Ny i Vang?

Ny i Vang?

Er du ny her eller vurderer Vang på den eine eller andre måten? Send ein e-post eller slå på tråden til Innovangsjonsminister Ida Nordland Hillestad. 

Agendaen er som regel ein uformell prat der du får svaret på smått og stort om Vang for å få ein best mogleg start på livet som vangsgjelding. Som dagleg leiar i Innovangsjon har Ida godt overblikk over grenda anten det er snakk om folk, aktivitetar, arbeid eller noko heilt anna. 

Som ny i Vang er du også invitert gratis til neste «Fredagskos». Dette skjer eit par gonger i halvåret og er enkelt og greitt ein kveld der mat, drikke, quiz og sosialisering står i fokus til fordel for seriar og sofa. Meld gjerne i frå til Ida at du er her og er klar for å møte bygda - vi får ikkje med oss alt.

 

Kontaktpersonar

Ida Nordland Hillestad
Ida Nordland Hillestad

Innovangsjonsminister Ida Nordland Hillestad er journalist i botn, med eit bankande hjarta og eit brennande engasjement for heimbygda si. Kvar dag jobbar ho for å bidra til at Vang fungerar best mogleg på flest mogleg nivå! TLF: 480 90 059

Send e-post