Lysløyperenn på Åsvang er eit sosialt og uhøgtidleg skirenn utan tidtaking kvar onsdag gjennom vinteren. 33 av dei 162 deltakarne hadde gått ni eller ti renn og vart heidra med ekstra gjev premie
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv 162 på lysløyperenn på Åsvang

162 på lysløyperenn på Åsvang

27. mars 2019

Med 162 ulike deltakarar på lysløyperenn gjennom vinteren vart det mange å heidre under skiavslutninga for Fjellblom IL på Åsvang i Vang førre veke.

 – Alle ti lysløyperenna har vorte gjennomført og heile 33 av dei som har vore med har delteke på ni eller ti renn, fortalde leiar for skigruppa i Fjellblom IL, Torbjørn Remmen til ein god gjeng av deltakarane som var samla i kafeteriaen på Åsvang samfunnshus.

Her fekk alle deltakarar diplom og alle ungar og ungdom premie som synleg bevis på deltaking på eit eller fleire skirenn. Dei med ni eller ti renn på samvitet fekk også ein turspade gjennom eit samarbeid med Intersport Filefjell.

Lysløyperenn på Åsvang betyr at alle rundar i ei av lysløypesløyfene kring Åsvang vert telt. Rennet har vorte ein institusjon i bygda og har sin faste plass mellom klokka seks og åtte onsdagar mellom nyttår og påske. Her stiller både unge, vaksne og eldre opp til ein uhøtideleg og sosial tur i skiløypa.

Heidra Karlsen-gjengen

Den siste mannsalderen har Egil Karlsen leia skigruppa i Fjellblom IL og bror Terje idrettslaget. Under årsmøtet i januar fekk dei båe avløysing og det var naturleg å heidre både dei og konene Hanne og Marit for innsatsen under skiavslutninga.

– Dei er pensjonert frå verv men har lova å halde fram med å køyre løypene på dugnad. Løypenettet er grunnlaget for heile drifta av Fjellblom så både det og den formidable innsatsen gjennom mange år set vi stor pris på, sa Remmen.

På vegne av styret og alle medlemmar i Fjellblom IL vart gåvekort for weekendopphald på Geilo overrakt til stor applaus.