17. mai i Vang. Foto: Oddvin Almenning
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv 1651 innbyggjarar i Vang

1651 innbyggarar i Vang

19. mai 2015

Folketalet i Vang er oppe på 1651 innbyggarar. Så høgt har ikkje folketalet vore sidan hausten 2001. – Dette er særs positive tal for kommunen, seier styreleiar i Innovangsjon, Torstein Lerhol.

Oversikten frå Statistisk sentralbyrå (SSB) gjev oss tal på kor mange som er fødd og kor mange som har gått bort siste kvartal. Her er også oversikt over innanlands og utanlands flytting. Vang har fått mange nye innbyggarar siste kvartal gjennom solid drift på Vang mottakssenter, noko styreleiar Lerhol sett stor pris på.

– Det vil naturlegvis verta ekstra store svingingar frå kvartal til kvartal her i kommunen på grunn av dette. Mange av flyktningane som har fått opphaldsløyve i Vang kjem til å flytte når dei får bustadskommune, men for ei tid er dei vangsgjeldingar. Dei handlar på butikken, nyttar biblioteket og er eit positivt innslag i lokalsamfunnet, seier Lerhol. 

Fullstendig oversikt over folketalet i Vang og andre kommuner finn du hjå SSB. Denne kvartalsoversikta frå same stad syner altså at vi lyt heilt tilbake til 2001 for å finne like gode tal for Vang. Faktisk er Vang på ein andreplass nasjonalt sett om ein ser på prosentvis folketals-auke førre kvartal. 

Folketal Vang

Fødde: 4
Døydd: 9
Innflyttingar: 51 (av dette 34 frå utlandet)
Utflyttingar: 14 (av dette 2 til utlandet)
Folkevekst: 32
Folketal: 1651(1619 ved inngangen til kvartalet)

Topp tre nasjonalt

1. Flå: 2.52%
2. Vang: 1, 98%
3. Leka: 1,57 %.