Alle deltakerne fikk startnummer på brystet.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv 5-årsjubileum for Rullatortreff

05. juli 2016

Tretti tok turen til femårsjubileumet for Rullatortreffet på Vangsheimen.

Her er ein rapport frå dagen, signer Hanne–Kjersti Bergre.

«Eit rullatortreff er ein aktivitetsdag for alle, enten du kjem gåande til fots eller med to eller fire hjul. Alle som bur heime, som deltek på dagsenteret eller bur på sjukeheimen er velkomne. Pårørande er hjarteleg velkomne til å delta saman med sine.

I år var det om lag 30 personar som møtte opp for å delta eller hjelpe til som frivillig. Oppmøte var på Fjordstøga der Grindabelgen gleda oss med muntre tonar, før alle deltakarane fekk kvart sitt startnummer. Desse får vi låne frå Vang Sparebank kvart år, som ser verdien av å bidra til aktivitet også for dei eldre i kommunen. Takk for det!

Deltakarane vart deretter delt i grupper, med kvar sin gruppeleiar. Det var lagt opp til ei aktivitetsløype med 6 postar, som aktiviserte både kropp og topp. Det var aktivitetar som innandørs Jeppe pinne, terningkast, kaste erteposar på boksar og ulike quizar. For å få til dette tok vi heile Vangsheimen i bruk, og dermed var det mykje snik-trimming på deltakarane når dei forflytta seg mellom dei ulike postane.

Undervegs var det saftstasjon med drikke og frisk frukt. Dette var godt å finne når konkurranseinstinktet hadde take overhand ei lita stund… Målgang var i kantina, der det var godt å få sett seg etter vel ein time i aktivitet. Her var det dekka til felles middag. Kjøkenet stilte opp med velsmakande grillmat og tilbehør av alle slag, og matlysta var stor hjå alle etter å ha vore i aktivitet.

Praten gjekk livleg rundt borda, og nokre var nok ikkje ferdig med å fundere på nokre av spørsmåla dei fekk undervegs. Etter maten var det oppsummering av aktivitetane og svar på dei ulike spørsmåla. Alle som deltek og gjer ein innsats for Rullatortreffet får kvar sin diplom som deltakarpremie. I tillegg hadde vi fått tre fine fruktkorger frå Coop Fjellvang og ein blomster frå Joker Ryfoss som vi trekte på startnummer.

Sidan det var 5-årsjubileum vanka det og ei stor, deilig marsipankake til dessert, og alle fekk kvar si rose som markering. Heile Vangsheimen summa av aktivitet denne dagen. Deltakarane var svært ivrige på postane, konkurranseinstinkt er ikkje knytt til alder og alle bidrog med det dei hadde. Både smilet og latteren sat laust hjå deltakarane, alle backa kvarandre opp og gleda seg over meistring.

Ein av postane var lagt til Erindringsrommet som er laga på Vangsheimen, noko som gav ein ekstra dimensjon til aktivitetsdagen. I løpet av dagen hadde vi og besøk av Folkehelsekoordinator Kari Bøe Wangensteen, som rosa arrangementet.

Rullatortreffet er ei samarbeid mellom damene på Dagsenteret, fysioterapeut og ergoterapeut. Vi legg vekt på sosialt samvær, fysisk aktivitet, hjernetrim, deltaking og meistring på den einskilde sine permissar. Det å gjere aktivitetar saman, kanskje andre aktivitetar enn det vanlege, har positiv effekt på helse og velvære. Lystbetonte aktivitetar og samvær med andre frigjer ei mengd lykkehormon som held seg i kroppen over lengre tid.

Det hadde ikkje vore mogleg å arrangere Rullatortreff utan god hjelp frå frivillige. Vi er takksame for å få hjelp til gjennomføring av aktivitetsløypa, ei ekstra hand til den som treng støtte og bistand til ein eller fleire aktivitetar og til det felles måltidet. Slik bidreg dei frivillige til å nå visjonen for Rullatortreffet: Det viktigaste er at du deltek, ikkje korleis du deltek!