Reidar Thune, Vidar Eltun, Marte Tangen, Kari Birgit Lien, Johannes Havro og Tor Jørstad utgjer arbeidsgruppa som skal involvere og informere vangsgjeldingane i spørsmål knytt til kommunereforma.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv _Kva vil vi med Vang?

Kva vil vi med Vang?

10. mars 2015

Vil vangsgjeldingen behalde Vang som eiga kommune eller ynskjer han å slå seg saman med andre? Det er kva denne arbeidsgruppa skal finne ut i løpet av 2015.



- Vi skal bidra til at vangsgjeldingane får eit godt grunnlag for å ta stilling til spørsmålet kring kommunesamanslåing, og bidra til at flest mogleg kjem på banen med si meining, fortel ordførar Vidar Eltun som leier arbeidsgruppa.

Dette er ei tilleggsutgreiing ved sida av jobben som vert gjort i Valdres. Med kommuneplanen for 2015–2027 som bakgrunn (der målsetjinga tydeleg er at kommunen skal bestå), skal gruppa sjå på om Vang kan og bør halde fram som eiga kommune. Målet er ein open prosess for å få flest mogleg argument opp på bordet.

– Kommunen er langt betre rusta i høve dei nasjonale reformprosessane som nokre kan prøve å tvinge på oss, dersom vi (har gått) går denne runda og har eit godt grunngjeve standpunkt i saka, fortel Eltun.

Både han og resten av gruppa er opptekne av at kommunen sjølv lyt få definere dei gode argumenta i denne saka, og ikkje utan vidare godta retorikken frå regjeringshald.

Etter at dei naudsynte rundane er gått, skal vangsgjeldingens meining om saka rapporterast inn til kommunestyret som så gjer vedtak i løpet av november. Dette gjeld for alle Valdres-kommunane.

Mykje involvering

Marte Tangen, Kari Birgit Lien, Tor Jørstad, Johannes Havro, Vidar Eltun, Reidar Thune og Hallgrim Rogn (referent) utgjer arbeidsgruppa. Dei skal sjølvsagt ha sine eigne meiningar, men det er involveringa av innbyggjarane som er det aller viktigaste.

Her er noko av det som står på planen: 


  • Debatt om kommunesamanslåing på biblioteket onsdag 18. mars. (Arrangert av biblioteket)
  • Folkemøte om kommunesamanslåing i siste halvdel av april. Dato kjem.
  • Nyhende frå arbeidet både på vang.kommune.no, vangivaldres.no og valdres2020.no
  • Det vert vurdert om ein skal gjera både ein eigen innbyggarundersøking og folkeavstemming.
  • Dette vert den viktigaste saka i haustens lokalval, noko som betyr at politikarane lyt få ein førebels rapport å ta stilling til i kommunestyremøtet 18. juni.

Har du innspel til arbeidsgruppa kan dei rettast til referent Hallgrim Rogn.

Valdres2020.no

valdres2020.no byggjast det opp ein informasjonsbank med relevante meiningar, saker, undersøkingar og artiklar som gjeld Valdres og kommunereform. Her er dei førebels mest relevante for Vang.