Kongevegen over Filefjell tilbyr ei unik pakke med vandring, kultur, natur, mat og overnatting - noko stadig fleire får auga opp for. Foto: Sverre Hjørnevik
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Alle pilar peiker oppover for Kongevegen

Alle pilar peiker oppover for Kongevegen

10. mars 2020

Det er snart seld like mange turpakker langs Kongevegen over Filefjell i år som i heile fjor. Samstundes styrkar nettverket seg stadig og teller no 31 medlemmar Vang og Lærdal.

– Vi la ut pakkene fyrst midt i april i fjor og selde greit. No er det midt i mars og vi er allereie nesten oppe på same talet som for heile fjoråret, fortel leiar for nettverket Kongevegen over Filefjell, Odd Helge Brugrand.

Det er fyrst og fremst ferierende i eige land som kjøper pakkene, noko som er ekstra greitt i desse karantenetider.

– Vi har to avbestillinger frå utlandet i det siste og eg trur ikkje det vert fleire. Vi ser heller situasjonen som ein stor moglegheit for Kongevegen over Filefjell. Ein vert oppmoda om å feriere i heimlandet denne sommaren og der har vi eit solid produkt, fortel Brugrand.

Det er pakkene «Kongevegen Fjellpasset», «Kongevegen Heile Vegen» og «Kongevegen Høgdepunkta» som no er i sal og det er planar om ein eller to varianter til i løpet av våren.

Nøgde vandrarar

Etter to år i jobben for kongevegnettverket let Brugrand seg framleis overvelde av tilbakemeldingane frå dei vandrande.

- «Fantastisk» og «unikt» er vel dei to orda som går att flest gonger både direkte til oss og på sosiale medium. Eg trur den unike appellen ligg i skjæringa mellom det å gå på ein graskledd, men likefullt menneskebygd veg og ferdselsåre over fjellet, samstundes som natur- og kulturinntrykka er både mange og store, fortel Brugrand.

Han legg også til at dei som tilbyr overnatting, servering eller opplevingar langs vegen via nettverket også får solide tilbakemeldingar. 

Med brei mediebakgrunn har Brugrand teke tak i dei digitale kanlane til Kongevegen og dei framstår proffe og aktive både på nettside, Facebookside og Instagramkanal. I tillegg bidreg nøgde vandrarar med mykje godt innhald på sosiale medium.

Nettverket veks

Med 31 medlemmar byrjar dei fleste relevante bedrifter på båe sider av fjellet å finne saman i Kongevegnettverket.

Det er størst auke blant medlemsbedriftene i Vang med både små og større aktørar inn no i vinter. 

I tillegg til alt som skjer via Kongevegen trekker nettverket gode vekslar på samarbeidet med Visit Sognefjord og dei kanalene dei rår over mot turistar.


– Det er utruleg stort volum innom fjordane gjennom sommaren og suget etter gode opplevingar er stort. Utan å vera heilt konkret no ser det ut som vi får til ei løysing som både vil styrke tilbodet Visit Sognefjorden kan promotere og samstundes vera gull verdt for medlemsbedrifter både i Vang og Lærdal, seier Brugrand.

Medlemmer i Vang er no Rogn camping, Bok Rom, Ellingbø gard, Sommerhotellet, Sparstadstølen i Sanddalen, Låvemuseet, Joker Tyinkrysset/Jotunheimen 6128, Intersport Filefjell, Tyinkrysset fjellstue og Filefjellstuene.

Fleire prosjekt

Etter at ein fann ut at samarbeid i nettverk var vegen å gå har Innovasjon Norge vore med på laget. No nærmar det løpet seg slutten, samstundes som mange nye prosjekt ser dagens lys.

- Vi testa bagasjetransport i Lærdal i fjor og ynskjer å sjå om Vang også kan få fart på dette. Samstundes ser vi på omsetjing av heile nettsida til tysk og utrulling at eit eige og meir automatisert bestillingssystem. Brosjyrer og kart kjem også i oppdaterte og delvis nye versjonar til sesongen, informerar Brugrand.

Elles nemner vi at kongevegen kjem på eit frimerke dette året, samstundes som Skald forlag sysler med planar om bokutgjeving.