Ordførar Vidar Eltun, Egil og Anders Karlsen frå Vang maskin, prosjektleiar Harald Bjerknes hjå Vang kommune, Endre Victor Lunde frå Vang Maskin og grunneigar Svein Ivar Haugen var samla for å markere anleggstart for Øyebakkin.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Anleggsarbeidet i gang for Øyebakkin

Anleggsarbeidet i gang for Øyebakkin

13. januar 2021

Arbeidet med sløkkje-vatn til kyrkjene i Øye er i gang, og med det ei anleggsperiode som varar til sommaren 2022 og resulterer i ei solid oppgradering av heile området kring kyrkjene i Øye. Målet er at både kyrkje og turistar skal få sine behov dekka.

– No vert Øyebakkin med kyrkjene, eit servicebygg og flotte grøntområde ein triveleg plass å stoppe for turistar, så dette har eg verkeleg trua på, seier ordførar Vidar Eltun. 

Området har vore prata om å oppgradere sidan midten av åttitalet, og det fekk si løysing no etter at vegen vart lagt i tunnel forbi Øye.

– Aller viktigast er nok utvidinga av kyrkjegarden og sløkkjevatnet til båe kyrkjene som no er i gang. At lokale entreprenørar er inne frå starten av er også positivt, fortel Eltun.

For å markere opning av byggjearbeidet var entreprenør Vang maskin på plass i Øye måndag, saman med ordførar, prosjektleiar frå kommunen, og grunneigar Svein Ivar Haugen. 

– Som politikar hadde eg dette på bordet fyrste gong i 1984 hugsar eg, så det har tatt litt tid. Eg tykkjer planane som no vert sett i verk ser bra ut og gleder meg til å sjå det ferdig, fortel Haugen.

Omfattande prosjekt

Det er ei lang liste tiltak som no vert sett i verk. Høgdebassenget der gravearbeidet er godt i gang ligg ved den gamle revefarmen ovanfor Øye og får eit fall på 70 høgdemeter ned til stavkyrkja.

– Det er to tankar på til saman 180m3 og med det fallet vår vi nok trykk på både sprinklaranlegg og brannslangar ved stavkyrkja, og høve for å kople på nye kyrkja seinare, fortel prosjektleiar i Vang kommune, Harald Bjerknes.

Denne delen av prosjektet vann Vang maskin anbodet på, og planlagt ferdigstilling er midt i mai.

– Mykje snø til no i vinter er største utfordringa i akkurat dette prosjektet, men vi har god kontroll, fortel dagleg leiar hjå Vang maskin, Egil Karlsen. Dei melder elles om travle tider for anleggsbransjen i Vang der mange store vegprosjekt og ekstra trykk på tomting for hyttar kjem i tillegg til andre prosjekt og oppdrag. 

Vedteken plan for Øyebakkin inneheld eit teknisk rom for vatnanlegget, samt ei serviceavdeling med utstilling, kontorplass for guide, kjøkken og toalett for både stavkyrkje og kyrkje.

– Vi jobbar no med anbodspapira for dette bygget og håpar å starte bygging til våren, med ferdigstilling innvending til vinteren og etablering av uteanlegget og pynting av området sommaren 2022, fortel Bjerknes.

Vidare skal det lagast utomhusanlegg med veg, parkeringsplass og grøntanlegg på Øyebakkin. Arealet mellom stavkyrkja og vegen skal forskjønnast med grøntareal. Utviding av kyrkjegarden på Øye kyrkje er og med i det totale prosjektet.

Samarbeid med Kongevegen

Kyrkja i Vang ser svært positivt på oppgraderinga av Øyebakkin der alle innspel er take med frå deira side. Dei ser også moglegheiter for synergiar til reiselivsnæringa.

– Vi er fyrst og fremst glad for at Øyebakkin vert bygd og vi trur dette vil kunne gje gode besøkstal og økt turisme for heile kommunen. Det er naturleg å tenke samarbeid både med stavkyrkja over i Borlaug og Kongevegen over Filefjell for guiding, turar og anna, fortel Steinar Frøyen, leiar i Vang kyrkjelege fellesråd.

Total kostnadsramme for samla prosjekt er på 13,2 mill.kr. etter at momskompensasjon og tilskot frå Riksantikvaren er utbetala.