Celina Michaelsen Schmidt, Miriam Pettersen og Simran Kaur er i Vang og jobbar med ei oppgåve knytt til arkitekturstudiet ved NTNU i Trondheim
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Arkitektstudentar med skisseprosjekt i Vang

Arkitektstudentar med skisseprosjekt i Vang

10. oktober 2019

Tre masterstudenter frå arkitektstudiet ved NTNU i Trondheim er i Vang denne veka for å gjere eit skisseprosjekt.

Opphaldet er ein del av Fjellheimen 4:0-prosjektet som NTNU har køyrt saman med fleire samarbeidsaktørar i Sør-Noreg dei siste åra. Denne delen av prosjektet er ein studie av moglegheiter kalla «Synergier mellom fritidsbebyggelse, bustadutvikling og tilflytting»

– Valet vårt falt på Jevnehaugadn ovanfor Laglim. Vi oppfatter dette som eit område som er såpass tett på både grenda og fjellområda at det kan vera aktuelt for både fast busetnad og fritidsbruk. Vi tek ikkje stilling til gjeldande reguleringsplaner men jobbar kreativt med området som studentar for å sjå på moglegheiter, fortel studentene.

Det er masterstudentene Miriam Pettersen, Celina Michaelsen Schmidt og Simran Kaur som no er i Vang for å hente informasjonen dei treng til oppgåva.

– Vi jobber generelt lite med fritidsbustader på studiet, så dette høvet til å koma seg til fjells og sjå på moglegheiter utanfor «ferdighyttenormen» ser vi på som spanande. Vi ser også kjapt på eit par andre moglege prosjekt i skjæringa næring og fritid før vi tek turen opp att til Trondheim, fortel dei.

Resultatet av studentarbeidet er klart i god tid før jul.