Dette trekløveret har arrangert Vang og Vestre Slidre sin aller fyrste pårørandeskule. Frå venstre: Tone Granlien demenskoordinator i Vestre Slidre, Birgit Remmen demenskoordinator i Vang kommune og Lene Johansen fagleder i Vang kommune.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Arrangerte viktig tilbod for demens-pårørande

Arrangerte viktig tilbod for demens-pårørande

22. mai 2024
Vang og Vestre Slidre kommune har denne våren samarbeida om å arrangere pårørandeskule. No håpar dei at tilbodet kan bli fast.

- Når noen får demenssykdom rammer det alltid fleire enn kun den som får sykdommen, spesielt nær familie. Difor er det utruleg viktig at også dei pårørande har ein møteplass der ein kan få prate med andre i samme situasjon, seier Birgit Remmen, demenskoordinator og avdelingssjukepleiar Nordigarden på Vangsheimen. 

Denne våren har nemleg Vang og Vestre Slidre hatt eit interkommunalt samarbeid om å arrangere pårørandeskule for pårørande til personar med demens. Sjølv om dette er eit vanleg tilbod i heile Noreg, er dette fyrste gong det arrangeres i Vang og Vestre Slidre. 

- Me er veldig fornøgd med å ha fått til eit opplegg, og at me har kunne samarbeida med Vestre Slidre. Det har vore veldig godt oppmøte, og me har fått gode tilbakemeldingar, smiler Lene Johansen, fagleder, Vangsheimen dagsenter og Solgløtt dagsenter/ Demensteamet Vang kommune. 

 

Innhaldsrike kurskveldar 

I løpet av kurskveldene denne våren har det vore fleire forelesere innom, for å informere om ulike tilbod og praktisk informasjon som pårørande kan trenge. Blant anna har det vore ansatte frå banken og fortalt om bankrelaterte tjenester, ein advokat som har fortalt om framtidsfullmakt, spesiallege frå sykehuset Innlandet og ein pårørande om kvardagen saman med ein som har demens. 

- Me har hatt mange dyktige forelesere gjennom denne kursperioda. Det har vore fint og viktig å få inn slik type informasjon for dei pårørande. Forhåpentligvis er det veldig nyttig for dei, seier Tone Granlien, demenskoordinator i Vestre Slidre. 

Arrangørane trekk og fram ein positiv side ved å vera to kommuner som arrangerer saman; at gruppa blir litt større og at det er lettare å åpne seg opp og dele om situasjonen ein står i. 

- I tillegg er det lettare å vera litt anonym, om du ikkje ønskjer å seie eller dele så mykje, seier Remmen. 

- Me håpar jo at dei har vorte godt kjent i løpet av denne perioda, og kanskje nokon av dei held kontakten framover. Det å ha nokon å prate med som er i samme vanskelege situasjon som ein sjølv, er utruleg viktig, legg ho til.  

 

 

- Å snakke om demens er viktig 

(I denne artikkelen har vi snakka med fleire av dei pårørande som var med på kurset. Alle ønskjer å vera anonyme, men vil gjerne bidra med sitat om opplevelsen av pårørandeskulen.)

- Pårørandeskulen har vore veldig nyttig og fint å få delta på. Det er fint å møte folk i samme situasjon, der ein utveksle tankar, følelser og snakkar åpent med kvarandre. 

Fleire ytrer at demens fortsatt er ein skambelagt sykdom, og at det ikkje er noko ein snakkar verken høgt eller nok om. Alle er enige i at det er kjempeviktig å snakke meir om, og at demens tross alt er ein sykdom som rammer veldig mange. Både den som får det, og alle som er rundt. 

- Demens er på mange måtar ein veldig usynleg sykdom, det er ikkje alltid ein ser kor sjuk vedkommande er. Akkurat det kan vera litt vanskeleg, at det er kun dei som står nærmast som faktisk veit korleis det er. 

- Pårørandeskule har vore så fint og nyttig for meg. Eg håpar verkeleg at dette blir eit fast tilbod for dei pårørande i framtida, det er viktig å ha møteplasser der ein kan få vere pårørande med alle tankar og følelser det innebærer. 

 

Demensteamet i Vang kommune består av: